NRK Meny

Får pengar til museumsmagasin

Regjeringa set av over 30 millionar kroner på statsbudsjettet til eit museumslager for Norsk oljemuseum i Stavanger. Det blei kjent då Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) besøkte byen i ettermiddag. Det betyr at museet har pengane som skal til for å bygga magasinet på tomta kommunen har gitt i Dusavika. Håpet er at det nye museumsmagasinet står ferdig hausten 2018.

Penger til oljemuseet
Foto: Erik Waage / NRK