Hopp til innhold

Dette er det vanskelegaste for dei ikkje-digitale

Dei finn ikkje tilbake viss dei blir sende frå ei nettside til ei anna. Dei veit ikkje at dei må rulle ned eller opp for å få alt innhaldet. Faner og skrolling er noko av det vanskelegaste å forstå for dei ikkje-digitale.

– Me høyrer ofte at når dei blir sendt frå ei nettside og over til ei anna, så forsvinn dei ut i «intet». Dei forstår ikkje korleis dei skal koma tilbake til den første sida, seier Ingvild Erøy Prestårhus.

Ho er ein av stiftarane av selskapet Kakadu, som har fått nærare 3 millionar kroner frå Helsedirektoratet.

Målet er å lage ei nettside som skal hjelpe ikkje-digitale å finne fram i nettverda.

I samband med utviklinga av hjelpesida har dei snakka nøye med over 20 ikkje-digitale personar. Det viser seg at mange strevar med å flytte seg mellom forskjellige nettsider.

Dataskjerm med faner.

Ein kan ha fleire nettlesarvindauge opne, men ein kan også ha fleire faner i eitt vindauge. 600.000 nordmenn er definerte som ikkje-digitale.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I dag blir det av mange internettbrukarar gjort gjennom å flytte seg mellom faner i eitt nettlesarvindauge.

Skrolling også vanskeleg

Det andre gjentakande problemet handlar om å forstå at det går an å skrolle, eller å rulle nedover sida, for å få med seg all teksten.

Det høyrest enkelt ut å lære seg, men det er ikkje det for dei 600.000 som ikkje er vane med å bruke datamaskinar.

Hege Fiskå og Ingvild Erøy, gründere av Kakadu

Hege Fiskå og Ingvild Erøy Prestårhus ser fram til at første versjon av hjelpenettsida til Kakadu er klar.

Foto: Erik Waage / NRK

Kakadu utviklar nå ei nettside som skal gi rettleiing. Slik at dei «ikkje-digitale» også kan gjere som andre: Bruke reiseplanleggar hos busselskap eller koma seg fram i nettbanken eller hos Nav.

– Oppgåva vår er å gjera hjelpesida så enkel, at det ikkje er noko støy igjen der, seier Hege Fiskå, medstiftar i Kakadu.

Det er dette dei ikkje forstår

– Nå står det mykje rart på skjermen her, slår Nortrud Stein fast.

Ho og venninna Beate Ravndal prøver å finne ei reiserute mellom Bryne og bydelen Tasta i Stavanger.

Nortrud Stein og Beate Ravndal bestiller båtbillettar via PC

Konsentrasjon og samarbeid er nødvendig for å lukkast. Nortrud Stein og Beate Ravndal skal reise frå Bryne til Stavanger,

Foto: Erik Waage / NRK

Dei forstår at det er hos kollektivselskapet Kolumbus dei skal finne opplysningane. Korleis dei skal finne fram til selskapet på PC-en, er meir uvisst.

– Kolumbus, er det med C, spør Stein.

– Nei, eg trur det er med K, svarar Ravndal.

Dei er begge i 70-åra. Dei har pågangsmot og humør og forstår at dei må tilpasse seg den digitale tida.

Likevel er dei nære å vera i gruppa som blir definerte som «ikkje-digitale».

Det betyr at dei har store problem med å få ein PC til å fungere og forstå programma på datamaskinen.

Krev ei spesiell tilnærming

– Dette er ei svært sårbar gruppe, seier Bård Fossli Jensen.

Han er forfattar og lege med doktorgrad på kommunikasjon mellom behandlar og pasient. Han er også med på å utvikle hjelpesida.

Bård Fossli Jensen

Bård Fossli Jensen.

Foto: Kristin Mehlum / NRK

– Det har vore veldig viktig å hindre at dei som prøver ut hjelpesida skal føle nederlag, eller kjenne på at dei er dumme, seier Fossli Jensen.

Brukarane må oppleve at dei finn ut av ting, og dei må oppleve å ha kontroll, seier han.

Snart er hjelpa klar

Kakadu har jobba i over eitt år med å utvikle hjelpesida.

I denne perioden har dei testa den ut på 24 testpersonar. Tilbakemeldingane frå desse dannar grunnlaget for korleis hjelpesida skal setjast opp.

– Planen er å vera ferdig med første versjon til våren, seier Ingvild Erøy Prestårhus.

Då har blant andre Stein og Ravndal vore med å gitt innspel til korleis sida kan bli best mogeleg.