Hopp til innhold

Sa han ikkje skulle ha straffespark – fekk raudt kort

Då Talat Abunima sa til dommaren at han hadde snubla og ikkje skulle ha straffespark, svarte dommaren med raudt kort. Vidare blei kampen ei solskinshistorie i fair play.

Talat Abunima

FOR ÆRLEG: Talat Abunima lærte førre tysdag at det ikkje løner seg å vera ærleg på fotballbanen. Då han forklarte dommaren at han ikkje skulle ha straffespark fekk han raudt kort.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Svein Gunnar Hermansen

Svein Gunnar Hermansen er dommaransvarleg i Rogaland dommarkrets. Han slår fast at dommaren dømde feil i 5. divisjonskampen, og han rosar måten laga handsama det på.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det blei ein heilt spesiell kamp då 5. divisjonslaga Sandved og Ild førre tysdag møttest til kamp i Stavanger.

Sandved leia 3–1 då Talat Abunima frå Sandved falt inne i motstandarens 16-meter. Dommaren dømde straffe, men Abunima var rask med å seia ifrå til dommaren at han hadde snubla, og at han ikkje ville ha straffespark.

Dommar angrar ikkje på utvising

– Eg snublar i mine eigne bein når eg er aleine med målvakta, like etter ser eg at dommaren peikar på straffemerket. Då eg reiser meg peiker eg med fingeren for å visa at dette ikkje var eit straffespark, seier Abunima.

Som svar på dette fekk han først eit gult kort, men då han haldt fram med å protestera fekk han eit gult til, og blei sendt i dusjen av dommar Nedzad Munjic.

Til lokalavisa Sandnesposten, seier dommaren at han dømde heilt korrekt.

– Eg var i ein god posisjon til å sjå at dette var eit soleklart straffespark. Han maste om at eg måtte gjera om på avgjersla, og ein spelar som prøvar å øydeleggja kampen på denne måten kan ikkje få halda fram, seier han til avis.

– Ikkje ein grei måte å dømma på

Dommaransvarleg i Rogaland dommarkrets, Svein Gunnar Hermansen, er ikkje samd.

– Dette er ikkje ein grei måte å dømma på. Me har noko som heiter sunn fornuft, og noko som heiter fair play, seier Hermansen.

Då dei fekk klage frå både Sandved og Ild, trakk dei straks tilbake det raude kortet.

– Dommaren burde tilkalla begge kapteinane og spurt dei om begge var samde i at det heller skulle vera utspark frå mål. Men nå har me fjerna det raude kortet så han må ikkje stå over kampar, slår han fast.

Han rosar måten 5. divisjonskampen haldt fram på.

Bomma på straffespark

Med vilje skøyt Sandved straffesparket utanfor mål, og sidan Sandved hadde fått ein spelar utvist tok også Ild ein spelar av banen.

– Dette er ei solskinshistorie for fair play. Det er flott at vaksne folk tar ansvar på denne måten på banen, seier Hermansen.

Hovudpersonen tar det heile med stor ro, og ser på hendinga med eit smil. Han seier likevel at han nok hadde kjent sinne om ikkje kretsen hadde vore på hans side.

– Eg er veldig glad for at fotballkretsen handla så raskt. Berre etter få timar fekk me vita at me berre kunne gløyma det raude kortet, seier Abunima.

Til slutt enda kampen uavgjort 3–3.

Flere nyheter fra Rogaland