Synes du at sommarvêret har latt vente på seg? Viss du bur i Sør-Noreg, er nok den oppfatninga rett.
For det har vore unormalt få sommardagar fleire stader sør i landet i år, viser tal frå Meteorologisk institutt.
Ein god, norsk sommardag vart definert som eit døgn med maksimalt 1,0 millimeter nedbør, samstundes som temperaturen skal vera over 20 gradar i løpet av døgnet.
For to år sidan gjekk NRK igjennom 100.000 vêrobservasjonar for å telja «fine sommardagar» frå 2000–2019.
Tala viser blant anna at folk i Stavanger knapt har hatt færre sommardagar dei siste 22 åra. Per 14. juli hadde nemleg Stavanger berre 11 sommardagar i år.
Berre 2017 var verre. Då hadde Stavanger sin dårlegaste sommar med berre 10 sommardagar.
– Bra i nord, dårleg i sør
Klimavakt ved Meteorologisk institutt, Hans Olav Hygen, meiner det ikkje har vore den beste sommaren for alle. Men det finst unntak.
– Ofte når det er dårleg vêr i sør, er det varmare i nord, og omvendt. Temperaturen i store delar av Sør-Noreg har vore under eller rundt normalen, medan det fleire stadar i nord har vore over normaltemperaturen, fortel han.
Normaltemperaturen i Sør-Noreg oppfattar sommarvande søringar som kjølig.
I Tromsø har det vore 11 sommardagar så langt i år, med 3,1 gradar over normaltemperaturen i juli.
Best ut i år kjem Hokksund med 38 sommardagar. Det kjem ikkje overraskande på klimavakta at det er varme dagar på vestkanten av Viken, i overgangen mot Vestfold.
Her ligg også Nesbyen, som ennå held varmerekorden frå juni 1970. Då vart det målt 35,6 plussgradar. I år er det heller ikkje mangel på varme: 31 sommardagar.
Litt overraskande er det at Trondheim har hatt 11 sommardagar så langt i år – ein by som ifølgje kartlegginga til NRK har 36 dagar sommar i snitt. I 2019 nådde byen ein topp på 48 sommardagar.
Kan framleis snu
– Det ser ikkje ut til at Trondheim får ein veldig stor sommar å skryta av i år. Men vêret er ein kombinasjon av klima og uventa samantreff, og difor kan det framleis snu, seier Hygen.
Og det gjeld også for sommarfattige Stavanger.
Vanlegvis plar det vera varmast i Noreg i overgangen juli og august. I slutten av juli er det toppvêr i innlandet, medan det i starten av august er varmast langs kysten.
– Me står framleis framfor varme og fine dagar, men også mykje nedbør. Det blir nok ein del flotte formiddagar, men med ettermiddagsbyer, fortel meteorologen.