NRK Meny

Færre ledige i Rogaland

I løpet av dei to siste månaden er det blitt tre prosent færre arbeidsledige i Rogaland, viser tal frå NAV. Mykje av nedgangen skuldast at fleire nå er på tiltak. Ved utgangen av september var 11.263 personar heilt utan arbeid. Det utgjer 4,3 prosent av arbeidsstyrken, og det er 16 prosent fleire enn på same tid i fjor.