Hopp til innhold

Få veit kor rådhuset i Stavanger er

Ordførar i Stavanger Leif Johan Sevland har opplevd å bli køyrd til tinghuset i staden for rådhuset når han har tatt drosje. Nå går debatten om nytt rådhus i Stavanger.

Stavanger Rådhus og Sevland

Rådhuset i Stavanger er basert på eit politisk kompromiss etter kommunesamanslåing i 1965, og fram til 90-tallet heitte det berre administrasjonsbygget. Grunnen var at makta ikkje skulle vera konsentrert i Stavanger seier Sevland.

Foto: NRK

Alle veit kor rådhuset i Oslo er og rådhuset i nabobyen Haugesund har blitt kåra til Norges penaste, men i Stavanger er det ikkje mange som veit kor «Folkestyrets tempel» ligg.

Skal diskutera nytt rådhus

Etter ein rask sjekk på gata viste det seg at svært få folk på gata i Stavanger veit kor deira eige rådhus ligg. (Høyr klippet under)

I neste veke skal politikarane diskutera om rådhuset ska bli flytta til den gamle hermetikkfagskulen i byen eller bli verande på den nåverande staden i sentrum.

I den samanheng kjem kollega i nord Petter Steen jr., som er ordførar i Norges finaste rådhus, med eit tips til siddisane:

Tips frå nordfylket

– Uansett om dei vel å byggja nytt eller byggja om bør det vera skikkelig, det har me her i Haugesund svært god erfaring med.

Haugesund rådhus og Steen

Petter Steen jr. er stolt over norges flottaste rådhus i Haugesund.

Foto: NRK

I Haugesund har dei nemleg både rådhus og rådhusplass, dette blei bygd før og etter krigen med hjelp av privat pengegåve frå familien Knutsen. Og med eit så flott rådhus kan Steen fortelja at haugesundarane av og til vitsar med Stavanger sitt:

– Før i tida når siddisane skulle egla haugesundarane spurte dei kor jernbanestasjonen i Haugesund låg, og då svarte haugesundeane 'like ved rådhuset i Stavanger', seier ordføraren.

Nytt rådhus

Stavangerordførar Leif Johan Sevland har opplevd å bli køyrt til tinghuset når han skulle til rådhuset. Han seier at Stavanger må gjera noko med rådhussituasjonen:

– Me har aldri brukt spesielt mykje pengar på rådhus, noko me heller ikkje treng å gjera i framtida. Men det er behov for å gjera noko med bygget med tanke på dei som jobbar der, seier Sevland som då først og fremst tenker på ventilasjonen i bygget.

Ei aktuell løysing for Stavanger kan vera å flytta Rådhuset lenger vekk frå sentrum, noko byutviklarar har fråråda.

– Sjølv om funksjonen til rådhuset har endra seg er det eit poeng å ikkje gløyma av symbolverdien til eit rådhus, her sit byens leiing, og det er ting som må inn i den politiske diskusjonen, når me skal ta stilling til rådhusets framtid, seier Sevland.


Flere nyheter fra Rogaland