Hopp til innhold

Ernæringsfysiolog om babygraut: – Senk skuldrene

Fagfolk ser folk byrjar å tvile på råda frå helsestasjonen. Trebarnsmora synest det blir eit veldig grautfokus. – Lag det som passar deg, seier ernæringsfysiolog.

Maria Haugland saman med dottera Vega.

Maria Haugland gir berre heimelaga graut til dottera Vega, men dei to eldste barna hennar har begge fått industriframstilt graut.

Foto: Hanne Christin Våge / NRK

Babygraut. Næring for babyar, men også næring for konflikt mellom fagfolk, influensarar og småbarnsforeldre.

Medan den heimelaga blir kalla for «slankegraut for babyar», blir industriframstilt graut i VG skulda for å innehalde store mengder sukker.

Men kva er eigentleg skilnaden? Og har det eigentleg så mykje å seie om ungen din får heimelaga graut eller ferdig-graut?

Ytring Ikke bare barnemat

baby spiser

– Senk skuldrene og lag det som passar deg best, seier klinisk ernæringsfysiolog Oddveig Fossdal Drøpping.

Noreg, ein grautnasjon

Ernæringsfysiologen understrekar at det er heilt trygt å gi både heimelaga og industriframstilt graut.

– Men du må sørge for at grauten blir laga på riktig måte, sånn at den blir næringsrik nok, og at dei får i seg ein tilstrekkeleg mengde jern.

Det kan du ifølgje ho gjere slik:

  • Korna burde leggast i bløyt i minst éin time før du koker grauten.
  • Tilsetje C-vitamin, for eksempel ein C-vitaminrik frukt som jordbær eller kiwi.
  • Bruk eit kornslag som er rikt på jern, for eksempel havremjøl, hirseflak eller sammale kveite.
  • Unngå jernfattige mjøltypar som rismjøl, sikta kveite eller liknande.
  • Du burde tilsetje morsmjølk eller morsmjølkerstatning etter kornet er kokt dersom du lagar grauten sjølv.
  • Legg gjerne til ein feittkjelde, for eksempel olje.
oddveig fossdal drøpping

Ernæringsfysiolog Oddveig Fossdal Drøpping ber foreldre om å senke skuldrene og gi den grauten som passar dei best.

Foto: Hanne Christin Våge / NRK

Du kan også starte med å gi mosa grønsaker og potet som er blanda med morsmjølk eller morsmjølkerstatning. Det er bra at barnet får smake ulike matvarer.

– Då kan du for eksempel gi mosa grønsaker og frukt, eller most middag utan tilsett salt.

Variasjon er også viktig.

– Det kan fort bli litt einsformig om du berre gir éin type kjøpegraut, eller éin type heimelaga graut. Eg vil derfor anbefale å variere mellom typar og kornsortar, fortel ho.

Frå kjøpegraut til heimelaga

Trebarnsmamma og matinfluenser Maria Haugland (32) har følgt den sokalla grautdebatten tett. Medan den eldste sonen hennar berre fekk kjøpegraut, fekk mellomste jenta ein kombinasjon av begge deler. Hennar yngste får berre heimelaga mat.

– Eg synst det blir eit veldig fokus på graut, men det er jo så mykje anna ein kan gi.

Haugland saknar meir informasjon rundt alternativa til graut.

– Her i heimen starta me for eksempel med heimelaga leverpostei, surdeigsbrød, smør og langtidskokt lammekjøt.

Maria Haugland

Maria Haugland saman med dottera Vega.

Foto: Hanne Christin Våge / NRK

Bekymra helsestasjon

Då ho fortalde helsestasjonen om planane hennar om å teste noko som heiter «baby led weaning (BLW)», blei ho møtt med skepsis.

– Det er ein metode som går ut på å la ungane i større grad få utforske og ete maten sjølv, allereie frå dei er små, fortel Haugland.

Helsestasjonen var bekymra for at dottera hennar ikkje skulle få i seg nok næring. Også andre ho har snakka med fortel liknande historier.

– Mange sender meg melding og fortel om merkelege råd dei har fått frå helsestasjonen, og at dei blir sett rart på dersom dei vil gå sin eigen veg, fortel ho.

Ytring Den beste maten lager du selv

Stine Pedersen Svarthe, bachelor i ernæring, småbarnsmamma og eier av Bare Bra Barnemat. Thea Falck, master i human ernæring, småbarnsmamma og jobber hos Bare Bra Barnemat.

Det er viktig å få støtte til det som kjennest riktig for ein sjølv, enten det er kjøpegraut eller heimelaga, meiner trebarnsmora.

– I verste fall fører jo dette til at folk ikkje tør å vere ærlege. Og sånn skal det jo ikkje vere.

Viktig å vite kva ein held på med

Astrid Midtsund er ein av fagfolka som har signert kronikken «Ikke bare barnemat», som er blant dei nyaste bidraga i den heftige debatten rundt industriframstilt babygraut.

Ho er styremedlem i landsgruppa av helsesjukepleiarar og har jobba som helsesjukepleiar i 16 år. Over tid har ho sett ei endring i samfunnet som bekymrar henne.

– Me ser ein trend der folk har byrja å tvile på råda frå helsestasjonen. Eg trur det handlar om at informasjonsflyten i samfunnet generelt har blitt så stor at det er lett å la seg forvirre. For eksempel av råd frå influensarar, seier ho.

Samstundes peikar ho på at dei som jobbar på helsestasjonen ikkje har nokon kommersielle bindingar.

Dei er der utelukkande for å hjelpe deg og har ingenting del skal selje, utdjupar ho.

Ho er positiv til å gi ungar meir heimelaga mat, men anbefaler på det sterkaste å rådføre seg med helsestasjon eller anna kyndig helsepersonell før ein går i gang med å servere heimelaga babygraut.

– Det er heil greitt å gi ungen sin heimelaga graut, men då skal du vite kva du held på med.

Med kronikken håper ho å nå ut til alle dei som sit og er leie seg fordi dei føler det ikkje er greitt å gi ferdiggraut eller morsmjølkerstatning til ungane sine.

  • NRK har etter publisering av denne artikkelen lagt til at trebarnsmor Maria Haugland også er matinfluenser.