Onsdag prøveskaut heimevernet dei tre nye kanonene av haubitser-typen. Dei er produserte i England og har kome til Stavanger via Bergen.
Klokka 12 den 17. mai, kjem dei til å bli fyrt av i tur og orden og fleire gonger.
Dette året er det ein kombinasjon av heimevernsfolk og personell frå forsvaret som står for avfyringa. Neste år skal salutten ordnast av friviljuge mannskap.
Slutt på tidlegvekking
Tidlegare har Stavangerfolk vakna opp klokka sju om morgonen til salutten frå Ulsnes. Men nå kan folk sove lengre i fred og ro. Først midt på dagen, klokka 12, kjem det til å drønne over byen.
På Akershus festning i Oslo blir salutten avfyrt klokka 12 og nå blir same tidspunkt brukt også i Stavanger.