Hopp til innhold

Eli (99) har aldri fått fartsbot, men innrømmar at ho har køyrd for fort

Sjølv om Eli Hovda frå Stavanger blir 100 år i mai, har ho ingen planar om å gje opp køyringa. NRK blei med ho på biltur til føremiddagstreff i Tasta kyrkje.

Sjølv om Eli Hovda frå Stavanger blir 100 år i mai, har ho ingen planar om å gje opp køyringa.

►SJÅ VIDEO: Bli med på biltur med Eli Hovda (99) som sjåfør. I passasjersete sit Liv Osaland.

– Folk seier; det er ikkje vanleg at folk er slik som deg, Eli. Nei, det kan henda det, seier eg, men slik har eg nå ein gong blitt, fortel Eli Hovda (99) frå Stavanger og ler.

Snart skal ho køyra sin kvite Hyundai Pony til føremiddagstreff på Tasta kyrkje. På vegen skal ho plukka opp veninna Liv Osaland.

– Køyrer betre enn andre

Bil har ho køyrd heilt sidan ho fekk lappen 9. mai 1956.

– Folk seier til meg at eg køyrer mykje betre enn mange andre, fortel ho.

Trass 57 år bak rattet, har ho framleis til gode å få fartsbot.

– Eg har ingen fartsbøter, seier ho og tenker seg litt om.

Så kjem det.

– Men eg har køyrt for fort av og til. Å ja! Eg har vore oppe i hundre på vegar der det nesten ikkje har vore andre, erkjenner ho.

Men kanskje er det ikkje så farleg. Ho er trass alt på veg til kyrkja, og der trur dei på syndenes forlating.

Køyrer i minst eitt år til

Det er slaps på vegen, men det er ingen problem for Eli.

– Så lenge du veit kva du skal gjera, så går det greitt, seier ho og styrar bilen med ei roleg og stødig hand.

Liv Osaland stig inn i bilen, og ho har berre fine ting å sei om veninna si køyring.

– Eg er aldri så trygg, som når eg sit på med Eli, seier ho.

Sjølv om Eli blir hundre år i mai, skal ho ikkje slutta å køyra bil. Og ein ny legeattest gjer ho lov å føra bilen i eit heilt år til.

Vel framme i kyrkja oppdagar dei at Liv har sitje på heile turen utan sele, men det blir fort gløymd når kaffien kjem på bordet og kaka på tallerkenane.