– Sola kjem til å vinna, seier Markus og Aslak, elevar ved Sande skole i Sola.
Dei er ladar opp til cupkampen mellom Sola og Viking i kveld på best mogleg vis - i ballbingen på skulen.
Og Sola-elevane er optimistiske før cupkampen mot formsterke Viking - som så langt står utan tap i årets serie.
– Det blir 2-1 til Sola, seier Aslak
– Eg trur det blir 1-0 til Sola, skyt Markus inn.
- Følg kveldens cupkampar her
– Blir tøft
Lærar og spiss på Sola, Morten Eriksen, likar optimismen blant elevane sine. Den tidlegare storskåraren for Sandnes Ulf er nemleg lærar på Sande skule.
Men mannen som skaut gamleklubben Sandnes Ulf ut av cupen i første runde, har litt meir realistiske forventningar til kampen.
– Me kjem til å få det veldig tøft. Det handlar vel eigentleg berre om kor mange mål Viking kjem til å skåra. Men me håpar å gi dei litt kamp og at det blir ein folkefest på Sola stadion, seier han.
Viking har respekt for Sola
Men å slå laga frå dei lågare divisjonane er ikkje alltid like enkelt for laga frå den øvste divisjonen. FK Haugesund var blant elitelaga som sleit seg vidare til tredje runde med 3-2 over Vidar i går.
Assistenttrenar i Viking, Svein Fjælberg, er klar på at Viking ikkje skal undervurdera 3. divisjonslaget Sola.
– Eg er spent før kampen og veit at Sola har mange bra spelarar. Eg er sikker på at dei vil gi oss tøff motstand. Tar me dei ikkje på alvor, får me problem, seier han.
Oppvaksen i Sola
Eriksen synst det er profesjonelt av Viking å ha respekt for cupaskeladden.
– Sola har tatt nokre steg i det siste, og Viking skal ikkje undervurdera oss. Cup er cup, og alt kan skje.
Kampen blir ekstra spesiell for assistenttrenar Fjælberg i Viking. Han er nemleg oppvaksen i Sola og spelte for Sola FK fram til han blei henta av Viking som 20-åring.
– Det blir artig å komma tilbake til Sola. Eg har mange fine minne frå oppveksten og fotballtida i Sola, seier han.
PS: Kampstart på Sola stadion er klokka 18 i kveld. Billettbodene opnar klokka 16.30 og aller under 16 år slepp inn gratis.