Hopp til innhold

Kvinne (77) rana med kniv i Sandnes

Ein mann i slutten av tenåra er pågripen og sikta for å ha rana ei kvinne (77) med kniv midt på lyse dagen ved Soma skole i Sandnes.

Soma skole

Ranet skal ha skjedd her ved Soma skole i Sandnes, men politiet veit ikkje nøyaktig kor det har skjedd.

Foto: Ronny Hjertås / NRK

Det var klokka 14.47 søndag ein forbipasserande melde frå om knivranet til politiet.

Då skal det ifølge politiet ha gått 15–20 minutt sidan knivranet skjedde.

– Kvinna var veldig redd og fortalde den forbipasserande at ho var blitt rana av ein delvis maskert, mørkhuda person med kniv, opplyser operasjonsleiar Victor Jensen i Sør-Vest politidistrikt.

Politiet: – Alvorleg hending

Kvinna skal ikkje ha opplyst kva gjerningspersonen fekk med seg. Ho skal heller ikkje ha gitt ytterlegare signalement på ranaren.

Kvinna (77) tok ikkje sjølv kontakt med politiet etter ranet, og dei ønsker derfor kontakt med ho eller andre som kjenner til hendinga.

– Me ser på dette som ei alvorleg hending og ønsker opplysningar om saka, seier Jensen.

Politiet ber dei som har opplysningar om saka ringa 02800.

Vitne har meldt seg

Litt før klokka 17.30 melder politiet at ei kvinne har meldt seg for politiet. Ho har truleg observert same mann like utanfor kyrkjegarden på Soma om lag klokka 12.30.

Mannen var, ifølge kvinna, maskert med eit tørkle framfor munnen, hadde «veldig mørke auge», hadde mørk hette ned i pannen og var om lag 170 cm høg.

Mannen skal ha følgt etter vitnet og ho opplyser til politiet at ho kom seg i tryggleik ved å ta kontakt med ein annan person ved parkeringsplassen utanfor kyrkjegarden.

Mannen forsvann deretter frå staden, men både vitnet og personen ho tok kontakt med reagerte på mannen, ifølge politiet.

Søndag kveld melder politiet at dottera til kvinna (77) som skal ha blitt rana, har tatt kontakt med politiet.

Den 77 år gamle kvinna blir søndag kveld avhøyrd av politiet som har oppretta straffesak.

Klokka 21.30 melder politiet at ein mann i slutten av tenåra er pågripen og sikta for ranet på bakgrunn av avhøyr og generell etterforsking. Bustaden hans på Soma blir ransaka.