Langvarig intenst arbeid
-Arrestasjonen av Toska er eit resultat av eit langvarig og intenst politiarbeid. Det sa politiinspektør Bjørn Andersen ved Rogaland politidistrikt i ettermiddag. - Dette arbeider har no bore frukt, sa Andersen, men han vil ikkje karakterisere arrestasjonen som eit gjennombrot.
Norsk politi har i lang tid arbeidd saman med utanlandsk politi, og det er var dette samarbeidet som gav resultat, seier Andersen.
Tatt på eittårsdagen
Andersen seier at det er tilfeldig at Toska vart arrestert på eittårsdagen for ranet.
At to av dei mest ettersøkte etter ranet no er tekne tett opptil eittårsdagen er nok ei kraftig oppmuntring for politiet. Andersen nøyer seg med å seie at det er bra at fleire av dei sikta no er pågripne.
Arkitekten bak ranet
Politiet reknar David Alexander Toska for å vere ein av hovudmennene bak ranet. At han saman med Kjell Alrich Schumann er arkitekten.
Toska er tidlegare straffedømt fleire gonger, blant anna for våpenheleri. Han er også tiltalt for bankboksinnbrotet på Bryn i Oslo der utbyttet var mellom 20 og 30 millionar kroner. Toska er også tiltalt for det storstillte innbrotsforsøket mot Norsk Medisinaldepot.
Berre ein på rømmen
No, eit år etter ranet er det berre ein av dei 19 sikta i saka som er på rømmen. Det er 24 år gamle Jusuf Hani.