Nødvendig avklaring
- Dette betyr av vi må brette opp ermene og finne løysingar, seier Bengt Haugland som er ansvarleg for elektronisk billettering i fylkeskommunen sitt selskap, Kolumbus. Haugland trur ein overbygning mellom NSB sitt system og Kolumbus sitt system er klar i løpet av 2006.
Krev eit kort
Samferdselsdepartementet krev at elektroniske billettsystem skal kunne snakke saman. Målet er at passasjerar skal kunne reise kollektivt i heile Norge med berre eit elektronisk kort. Politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet, Sverre Molandsveen, seier at departementet vil presisere at dei ulike systema må kunne snakke saman. Departementet vil la fylkeskommunane sjølve velje kva system dei vil satse på.
Ikkje i grøfta
Fylkeskommunen har brukt millionar på utvikling av eit nytt system for elektronisk billettering. Det same har NSB og store kollektivselskap i Oslo-området gjordt. Haugland meiner likevel at ingen av systema er køyrd i grøfta sjølv om dei i dag ikkje kan snakke saman. Han seier at dialogen med NSB er god sjølv om den endelege løysinga ikkje vert slik som planen i utgangspunktet var.