NRK Meny
Normal

Ein million her og ein der

Den store hasj-rettssaka i Jæren tingrett handla om over fire millionar kroner i kontantar i dag. Dei var fordelt i plastposar og baggar rundt omkring, og i ein safe i ei hytte på Idse i Strand.

Hasjhytte i Ryfylke

I ein safe på hytta på Idse i Strand, fann politiet 1,5 millionar kroner i kontantar

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I går nekta den hovudtiltalte 50 år gamle mannen frå Hommersåk i Sandnes for å ha seld 300 kilo hasj. I dag fortsette han si forklaring til Jæren tingrett. Temaet var dei over fire millionar kroner i kontantar som politiet har funne på forskjellige eigedommar som mannen eig.

Forskjellige posar med opptil 100 000 kroner i kontantar, forklarer mannen med kjøp og sal av eigne bilar og andre køyretøy. 1.5 millionar i ein safe på hytta til sambuaren på Idse i Strand kommune, kom frå ein mann han ikkje kjente og dei over 2 millionar kroner, som blei funne under senga på ei av hyttene hans, kom frå same mannen.

Tvilar på forklaringa

Aktor Tormod Haugnes legg ikkje skjul på at han meiner at pengane kjem frå sal av narkotika.

– Me meiner at han har seld over 300 kilo hasj og at dette er oppgjer for det. Rett nok har han seld ein del køyretøy, men det forklarer ikkje at han sit med fire millionar kroner i plastposar, millionbeløp på kontoar og hytter her og hytter der, seier Haugnes.

Nekter for å ha solgt 300 kilo hasj

Aktor Tormod Haugnes i samtale med forsvarar til hovudmannen, Gunnar Helgevold

Foto: Anders Fehn / NRK

Til å stole på

Forsvararen til mannen, Gunnar Helgevold, seier på si side at tiltalte gjer godt greie for seg i retten.

– Noko av dette er pengar som er levert til han for oppteljing og vidarelevering og ein del er pengar han har tent på sal av bilar og andre ting. Så ein del av dette er pengar som tilhøyrar han og ein del er pengar som ikkje tilhøyrar han, seier Helgevold.

Kakeklubben igjen

I løpet av føremiddagen i retten på tysdag, kom også "kakeklubben" opp som tema igjen. Det er kallenamnet på ein venninnegjeng som sambuaren til hovudmannen er ein del av.

Fire av desse venninnene har betalt inn større beløp på bankkontoen til sambuaren. Hovudtiltalte seier at han har gitt dei lån, for at dei skulle koma ut av ei kortvarig økonomisk krise. Innbetalingane til sambuaren sin konto er rett og slett tilbakebetaling av lån på opptil 100 000 kroner.

Igjen er aktor Haugnes skeptisk til forklaringa og seier at det står att å sjå når sambuaren skal på tiltalebenken seinare tysdag ettermiddag.

Advokat Inger Marie Sunde

Advokat Inger Marie Sunde forsvarar hovudmannens sambuar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Avviser kontant

Forsvarar for sambuaren, Inger Marie Sunde fortel at ho alt i går, måtte minne retten på at sambuaren ikkje er tiltalt for å stå bak sal av hasj. Det ho er skulda for er å ha bidratt til kvitvasking av inntil 1.5 millionar kroner, som ho – etter aktor si meining – burde ha visst var pengar frå narkotikaomsetning.

– Det som er klart på basis av saka og tidspunktet for når desse pengane er lånt ut, så er det ingen beviser i denne saka her for at dette har nokon ting med narkotika å gjera. Dette er pengelån til vener som har hatt dårleg råd og som har hatt grunn til å låna pengar, seier Sunde.