Hopp til innhold

E39 var stengd etter kollisjon mellom to bilar

To bilar med i alt fire personar kolliderte med kvarandre i krysset Vågavegen og E39 på Bokn søndag ettermiddag. Fire personar blei brakt til sjukehus.

Politiet melde om ulukka litt før klokka 15.30. Dei rykka ut til staden saman med brannvesenet, helsepersonell og eit helikopter frå luftambulansen.

Kollisjonen skjedde i krysset mellom Vågavegen på Austre Bokn og E39.

Ulukka skapte problem for annan trafikk, og litt før klokka 16 blei vegen heilt stengt. Årsaka var at luftambulansen då hadde landa på staden.

Ved 16.30-tida var det mogleg å køyre forbi ulukkesstaden, ifølgje tips til NRK Trafikk. Klokka 16.45 melde politiet at vegen var rydda og open, og at trafikken går som normalt.

Sør-Vest politidistrikt opplyser at ein eller fleire personar er skadde, men det er uvisst kor alvorleg. Alle fire blir brakt til sjukehuset i Haugesund med ambulanse.