Hopp til innhold

E39 opna etter trafikkulukke ved Ualand

Ei kvinne blei lettare skadd etter ein kollisjon mellom ein personbil og ein semitrailer på E39 ved Ualand i Lund i ettermiddag.

Ualand

E39 blei sperra i begge retningar etter uhellet, men litt over klokka 19 melder politiet at vegen er opna for trafikk igjen.

Ulukka har ført til store trafikale utfordringar i ettermiddag og kveld og det har vore omkøyring og kolonnekøyring via Heskjestadvegen.

Men nå er altså E39 opna for ordinær trafikk.

Det var klokka 14.40 i ettermiddag politiet fekk melding om trafikkulukka på E39 på Omdal ved Ualand i Lund.

– Det var ein semitrailer og ein personbil som var involvert i ulukka. Kva som har skjedd er ikkje kjent, opplyser Henning Andersen i Rogaland politidistrikt, til NRK.

Kvinna som sat i personbilen sat delvis fastklemt i bilen etter samanstøyten. Ho er nå tatt hand om, og skal ikkje vera alvorleg skadd, ifølge politiet.

– Det er store trafikale problem i området og det går føre seg bilberging av begge køyretøya, seier Andersen.