Politiet veit lite om gruppa som står bak aksjonen mot en minkfarm i Gjesdal i helga, og Kripos er kopla inn.
Mink som har blitt overkjørt av biler
Tusenvis av mink er samla inn igjen søndag og mandag, men framleis er fleire hundre på frifot. Mange er blitt overkjørte. Politiet har få spor, sjøl om Dyrenes Frigjøringsfront har tatt på seg skylda for aksjonen.
Gruppa har på internettsider lagt ut framgangsmåter for korleis ein skal sette mink fri. Men ingen veit kven som står bak gruppa.
Kari Mills i Dyrebeskyttelsen har sjølv blitt truga på livet av Dyrenes Frigjøringsfront
Kripos er no kopla inn for å samanlikne med liknande aksjonar landet over. Det er Kari Mills i Dyrebeskyttelsen glad for, sjølv om ho er imot pelsoppdrett.
Det er ikkje første gong Kari Mills går ut mot Dyrenes Frigjøringsfront. Sist fekk det konsekvensar. Ho blei truga på livet.
No har altså gruppa slått til mot minkfarmen i Gjesdal. Kor mange av minken som vil overleve i det fri, er det ingen som veit.