Hopp til innhold

Drone over Kårstø var truleg SAS-fly

Dronen som blei observert over gassanlegget Kårstø den 13. oktober, var truleg ikkje ein drone, men eit SAS-fly. Det skriv Aftenbladet. Avisa har sjølv undersøkt kva som skjedde.

No får dei stadfesta frå politiet at det truleg var eit fly som førte til storaksjonen.

– I etterkant ser verda litt annleis ut enn ein først trudde, seier seksjonsleiar for Nordsjø- og miljøseksjonen ved Sør-Vest politidistrikt, Amund Preede Revheim.

Politiet på plass ved Korstø
Foto: Heidi Karin Gilje Skog