Hopp til innhold

Døydde etter å ha ramla ned i Månafossen

Ein polsk mann i 20-åra omkom etter å ha ramla ned i Månafossen i Rogaland laurdag.

– Den forulukka mannen er henta opp av fossen. Han er stadfesta død av lege på staden, opplyser politiet på Twitter like før klokka 18.

Det var klokka 14.58 laurdag politiet fekk melding om at ein person hadde ramla ned i Månafossen, som er Rogaland sin største foss og eit populært turmål i distriktet.

Fossen har eit fritt fall på 92 meter og ligg inst i Frafjord i Gjesdal kommune i Rogaland.

Mannen var ein polsk statsborgar i 20-åra, opplyser politiet til NRK laurdag kveld.

Han sklei utføre ein kant, ramla i vatnet og blei sitjande fast i ein kulp om lag ti meter frå der fossen renn ut i fritt fall i over 90 meter.

Alle naudetatar, inkludert luftambulanse og dykkarar, blei sendt til staden.

– Personen heng fast og redningsmannskap på staden fortel om ein viss risiko ved å ta seg ned til vedkommande, opplyste operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Olaug Bjørnsen, til NRK laurdag ettermiddag.

Ambulanse Månafossen

Ambulansepersonell og politi ved Månafossen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vanskeleg redningsarbeid

Det var utfordrande for redningsmannskapa å ta seg ned til mannen, noko som gjorde redningsaksjonen vanskeleg.

Klokka 16.45 melde politiet at mannen blei forsøkt heist ut av fossen av eit Sea-King- redningshelikopter.

– Personen er i ferd med å bli henta opp av elva, opplyste innsatsleiar i politiet, Runar Heggen.

Ifølge politiet var mannen i eit turfølge på fire då ulukka skjedde. Dei tre andre var vitne til det som skjedde. Dei er avhøyrde av politiet.

– Dei andre i turfølget blir tatt hand om av politi og helsevesen. Me jobbar også med å klarlegga meir rundt kva som har skjedd.

All ferdsel inn til Månafossen blei stengt etter ulukka, men området er nå opna igjen.

Månafossen

Flere nyheter fra Rogaland