NRK Meny
Normal

Bjelland dømd for netthets mot SV-politikar

Torgeir Bjelland vart dømd på alle punkt i rettssaka mot Marcela Molina, etter at han skreiv sjikanerande meldingar om ho på Facebook. – Ein siger for demokratiet, seier Marcela Molina.

Ørjan Eskeland og Torgeir Bjelland

Torgeir Bjelland (t.h.) og advokat Ørjan Eskeland.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Retten meiner at Torgeir Bjelland har brote både ytringsfridomen og har krenka privatlivets fred. Han må betala oppreising til Molina på 15.000 kroner og sakskostnader på nesten 105.000 kroner.

Bjelland må også betala ei bot på 8000 kroner.

«Eit frontalangrep på Grunnlova»

– Eg oppfattar dommen som frontalangrep på Grunnlova og på dei sentrale norske rettane som ytringsfridom og demokrati, seier Bjelland til NRK.

Han sparar ikkje på krutet og seier han er uroa for rettstryggleiken i Norge.

– Eg er sjokkert over dommen. Det heile minner meg om ein dom frå ein bananrepublikk (NB! Ekstern lenkje). Eg hadde aldri trudd me skulle få sjå noko slikt i Norge, og eg er rysta.

– Kjem du til å anka?

– Eg er redd for at Norge er i ferd med å bli meir totalitært, i likskap med andre land ein tradisjonelt sett ikkje har likt å samanlikna seg med, og at det ikkje er noko poeng i å anka, seier Bjelland.

– Ein siger for demokratiet

Det Bjelland kallar eit angrep på Grunnlova, meiner Molina er ein siger for demokratiet.

Marcela Molina

MARCELA MOLINA

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg er sjølvsagt veldig nøgd. Det er først og fremst ein siger for demokratiet, det at me får slått fast at det finst grenser for kva ein kan ytra seg om offentleg, anten om det er på nett eller andre stader, seier Molina til NRK.

– Du er også tilkjent oppreising, kor viktig var det?

– Eg legg ikkje mykje vekt på oppreisinga. Det viktigaste her var prinsippet om at ein skal skjermast for den type omtale og hets, anten ein er politikar eller om ein ytrar seg i det offentlege rom, seier ho.

Kor langt kan ein gå og framleis vera beskytta av ytringsfridomen? Er ein open facebookprofil privat eller offentleg? Det er to sentrale spørsmål i denne saka.

– Det følger av straffelovas paragraf 7 at ei ytring er offentleg når den er egna til å nå eit større mengd personar, seier Sara Eline Grønvold, jurist i Advokatfirmaet Staff og ekspert på sosiale medium.

– På generelt grunnlag kan eg seia at ei ytring i sosiale medium vert rekna som offentleg dersom meir enn 20 til 30 personar har tilgang til det du skriv. Dette betyr at du i ytste konsekvens kan stillast strafferettsleg ansvarleg for det.

Meinte han hadde frikort

Då saka var oppe i Stavanger tingrett 1. april, forklarte Bjelland at det Molina sa om NorgesPatriotene i 2008 som er hovudårsaka til at han er så kritisk til ho og hennar meiningar. Han refererte til at partiet, der han var medlem og partiet sin frontfigur i Rogaland på den tida, vart sett i samanheng med rasistar, nazistar og høgreekstreme.

– Eg føler hennar utsegn i 2008 gir meg eit slags carte blanche (eit frikort, journ.anm.), sa Bjelland i retten.

– Begge er eller ha vore engasjert i politikk. Ein skal tola litt meir om ein stikk fram hovudet. «Er du med på leiken, må du tola steiken, som borna seier». Det sa Ørjan Eskeland, som er Bjelland sin advokat, då rettssaka gjekk i tingretten.

Molina forklarte i retten at ho meiner det er alvorleg for samfunnet om ein ikkje kan ytra seg politisk utan å få slikt retta mot seg.

– Eg er vand til harde ordelag, men eg har aldri opplevd noko så krenkande. Eg tykkjer ikkje at eg fortener å bli behandla på denne måten, sa Molina i retten.

SV-politikaren Marcela Molina krev 200.000 kroner i oppreising og at påstandar om henne på Facebokk blir fjerna. Dette kom fram i rettsaka i Stavanger tingrett i dag der Molina har saksøkt Torgeir Bjelland for å ha ærekrenka henne på Facebook.