Hopp til innhold

Bekymringane er vekke og kjøpefesten er i gang, meiner sjeføkonomen

Tre år med stigande rente og høg inflasjon har gjort at folk har handla mindre. Trenden ser no ut til å snu, men det er ikkje berre positivt.

Vestkanttorvet i Oslo

SHOPPEBONANZA: Folk handlar på Vestkanttorget i Oslo i mai.

Foto: Heiko Junge / NTB

Omsetningsvolumet i detaljhandelen gjekk opp 3,2 prosent frå april til mai 2024, viser sesongjusterte tal frå SSB.

– Det betyr at folk har shoppa sjukt mykje i mai, forklarar sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank Kyrre M. Knudsen.

Det store hoppet i handelen i mai er uventa. DNB Markeds skreiv i sin morgonrapport at dei hadde venta ei stigning på 0,4 prosent.

Omsetningsvolumet er altså 2,8 prosent høgare enn venta. Ikkje sidan koronapandemien har vi sett ein så stor auke.

– Endringa er så stor at folk må ha sett litt lysare på livet i mai enn dei har gjort på to år, seier Knudsen.

Kyrre M. Knudsen

Sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank Kyrre M. Knudsen trur på gode tider framover.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Klede, mat og drikke

Daglegvarebutikkar og klesbutikkar er dei to store vinnarane. Det er desse to næringane som står for størsteparten av veksten i mai.

Hyller i en dagligvarebutikk

Mat er noko av det vi handlar meir av.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Vi går nok inn i ein fase der inflasjonen held på å roe seg ned, og lønnsveksten går opp. Det er høgare lønnsvekst enn inflasjon, og det er det jo lenge sidan vi opplevde sist, forklarar sjeføkonom Knudsen.

I mai låg inflasjonen på 3 prosent, samtidig som ein ventar ein lønnsvekst på 5,2 prosent. Noregs Bank har også varsla at dei trur renta vil bli liggande på 4,5 prosent ut året. Dette betyr meir stabilitet for folk sin privatøkonomi.

– Det ser ut som norsk økonomi går inn i ei positiv tid, seier sjeføkonomen.

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Sept 2024 – sept 2025
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2025
    + 4,5 %

Det er likevel eit stort men.

Viss desse tala held fram er det ein fare for at Noregs Bank må heve renta, fortel Knudsen.

Kan måtte heve renta

Norsk økonomi har i fleire omgangar måtte tole rundar med renteaukingar. Målet med renteaukingane er å få bukt med inflasjon og svak kronekurs.

Rentemøte januar 2024 - Norges Bank

Målet til Noregs Bank er å få den årlege prisveksten ned til rundt 2 prosent over tid. De siste årene har den vore langt høgare, blant anna fordi krona er blitt svakare.

Foto: William Jobling / NRK

– Noregs Bank ønsker å auke renta for å ta ned presset i økonomien, forklarar Knudsen.

– Viss det kjem fleire sterke tal som dette så må dei vurdere det.

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Knudsen trur likevel ikkje stiginga vi opplevde i mai vil halde fram.

– Det var såpass stort hopp no i mai at det skal mykje til for at den held fram i same tempo. Det blir interessant å sjå dei neste månadane korleis dette utviklar seg, avsluttar han.