Hopp til innhold

Dei gamle dyra blei eit HMS-problem

På grunn av fare for arsenikk-innhald blir elefanten, flodhesten, sjiraffen og kvalrossen på Stavanger museum nå destruerte.

I dag var det siste dag på jobben for 4 gamle slitera på Stavanger museum. Elefanten, sjiraffen, hvalrossen og flodhesten har vært en del av museet i øve 100 år. Men i dag var det slutt.

Her kan du sjå korleis det gjekk føre seg då destrueringa av dei eksotiske dyra i dag starta.

Dei har vore på ei lang reise, dyra som nå blir kappa opp i småbitar på Stavanger museum.

Alf Tore Mjøs

Alf Tore Mjøs ved Museet i Stavanger seier at det er med tungt hjarte dei destruerer og kastar dyra som har betydd mykje for folk i Stavanger.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Ta til dømes sjiraffen.

Tidleg på 1900 talet blei den fanga levande i Afrika. Den kom seg heilskinna med båt til Hamburg i Tyskland. Derfrå gjekk turen med lastebil mot Hagenbecks dyrepark i Stellingen. Men då lastebilen, med sjiraffen på lasteplanet, skulle køyra under ein straumleidning gjekk det gale. «Gnistene sprutet, og den seg død ned i bilen» står det i avisa Stavangeren 4. desember 1930.

Den kjende utstopparen, Johannes Umlauff, tok over dyret, stoppa det ut og selde det til Stavanger museum. Dei betalte 5000 kroner for sjiraffen og ein okapi, som kom til museet i 1930.

Sjiraffkontrakten

Dette er ei av sidene til kontrakten mellom Stavanger museum og Johannes Umlauff om sjiraffen og okapien. Kontrakten blei skriven i 1929.

Stavanger museum

I ettermiddag kunne ein nesten tru at Stavanger museum hadde vore åstad for ei særs grov kriminell handling.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Giftige dyr

Men nå i 2016 har ein altså funne ut at sjiraffen er for farleg for museet. Saman med elefanten, flodhesten og kvalrossen, som alle truleg blei drepne på slutten av 1800-talet, har den blitt eit HMS-problem.

– For det første er dei giftige. Ein brukte store mengder arsenikk når ein stoppa ut dyr før i tida. Nå er dei gamle, tørre og sprøe. Når dei sprekk opp risikerer me at arsenikken blir frigjort for omgjevnadane, og det ønsker me ikkje, seier Alf Tore Mjøs, ved Stavanger museum.

Derfor er ei heil avdeling ved museet i dag dekka med plast. Bak plasten går kvitkledde menn med masker, hette og munnbind og destruerer dyra.

Stavanger museum

Her er ligg dyra før fagarbeidarane går laus på dei med sag og munnbind.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Elefantpungen er lureri

Men det finst også andre grunnar til at museet vil ha vekk dei gamle dyra.

Ta til dømes elefanten.

Ingen veit heilt kvar den kjem frå, men i museet sitt arbeid for å spora den opp har dei kome over ein del annan interessant informasjon. Den mannlege elefanten med svære testiklar, er kanskje eigentleg ei ho. Ein snakkar om feilutstopping der pattane på hoelefanten blir brukt som testiklar. Og feilutstoppinga kan ha skjedd med overlegg. Årsaka er at eit kvart museum med respekt for seg sjølv skulle ha ein hannelefant på 1800-talet. Så om ein berre hadde ein hoelefant, så hende det at utstopparane juksa litt.

Mjøs seier det på denne måten.

– Dei er utstoppa på ein måte som ikkje er gangbar i dag. Publikum har heilt andre forventningar til kvalitet på utstillingsmateriale, så dei kan ikkje brukast i nyare utstillingar, og dei har heller ingen forskingsverdi.

Stavanger museum

Ingen veit heilt kva det er som kjem ut frå arra til elefanten. Kanskje er det arsenikk.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Har betydd mykje for mange

Trass gift og falske ballar. Mange har eit sterkt band til dei eksotiske dyra ved Stavanger museum. Og det skal ein ikkje kimsa av.

– For mange i Stavanger by har desse dyra betydd mykje. Det er store dyr som har gjort inntrykk på folk heilt frå barndommen. Det har me respekt for, og derfor er det heller ikkje med lett hjarte me kvittar oss med dei. Det er likevel ikkje nokre alternativ. Dyra må kastast, seier Mjøs.