Hopp til innhold

Kunstverk med hemmeligheter

Nokre kunstnarar er nøgde med å male eit bilete. Stian Heimlund Skjæveland har bygd ein åtte meter høge pyramide. Nå står den – full av symbolikk og runer – midt på ein holme i Ryfylke.

Stian Heimlund Skjæveland

VIDEO: Denne veka la kunstnar Stian Heimlund Skjæveland siste hand på kunstverket på Klungholmen utanfor Jørpeland.

Stian Heimlund Skjæveland

Stian Heimlund Skjæveland.

Foto: Anders Fehn / NRK
Solspeil med solur på Klungholmen utanfor Jørpeland

Solspeilet er åtte meter høgt, og ragar 14 meter over havet. Rundt står 12 bautasteinar.

Foto: Anders Fehn / NRK
Solspeil med solur på Klungholmen utanfor Jørpeland

På solspeilet har Stian Heimlund Skjæveland lagt inn mykje norrøn symbolikk, inkludert runer.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Nå var det frigjerande herleg det å endeleg væra ferdig – etter tre år. Ein god følelse, seier kunstnar Stian Heimlund Skjæveland.

Denne veka sette han krona på det pyramideforma kunstverket Solspeilet på Klungholmen i skjergarden utanfor Jørpeland. Kunstverket er bygd midt på den to mål store holmen, og med sine åtte meter ragar det 14 meter over havet.

Pyramiden er bygd i stål, og reflekterer sola – difor solspeil. Samstundes vil pyramiden, med de 12 bautasteinane rundt, fungera som eit solur.

Kunstnaren har henta inspirasjon frå både vikingtid og runer.

– Dette er eit norrønt verk. Eg har brukt mykje gammal, norrøn symbolikk, både frå Oseberg-funnet og gammal futhark, eller runeskrift. Eg har lagt inn litt hemmelege ting ein skal oppdaga sjølv, seier han.

Verket er kunstnaren sitt eige initiativ, men både verket og arbeidet er finansiert av det lokale næringslivet. Heimlund Skjæveland håpar det blir eit landemerke i Ryfylke.

– Kombinasjonen av rekreasjon, oppleving og kunst, for dei som er interessert i det, kan sette Jørpeland litt meir på kartet kanskje. Og ikkje minst trekka turistar hit, seier han.

Den offisielle opninga av kunstverk og holmen som friluftsområde skjer våren 2017.