Hopp til innhold

Den sakna fiskaren er funnen – den omkomne er tidlegare redningsleiar Ben Wikøren

Ben (61) har redda livet til mange fiskarar. Måndag måtte den erfarne redningsleiaren sjølv gje tapt for bølgene.

Ben Wikøren på jobb som redningsleiar

Dette bilde blei lagt ut på Twitter av Hovudredningssentralen då Ben Wikøren hadde sin siste dag på vakt som redningsleiar i februar i fjor.

Foto: Bilde brukt med løyve frå Hovedredningssentralen

I føremiddag blei mannen som sidan måndag har vore sakna frå hummarfiske utanfor Tananger funnen død. Han blei funnen i sjøen ved eit oppdrettsanlegg på Finnøy utanfor Stavanger.

Avdøde var Ben Wikøren. Han blei 61 år og budde i Sola kommune.

Han er tidlegare redningsleiar ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg gjennom 30 år.

Ben Wikøren

Ben Wikøren blei 61 år.

Foto: Felix André Skulstad / HRS

Dei pårørande er varsla, og namnet blir frigjeve i samråd med dei.

Måndag kveld sette Hovudredningssentralen i Sør-Noreg i gong eit søk etter ein hummarfiskar ved øya Rott utanfor Tananger.

Redningsaksjonen føregjekk med full styrke, og etter nokon timar blei båten til den sakna fiskaren funnen tom.

Nått til tysdag blei redningsaksjonen avslutta, og søket gjekk over til søk etter antatt omkommen.

Ein profesjonell og dyktig redningsleiar

Jarle Øversveen, avdelingsdirektør for Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, er prega av hendinga. Han skildrar den tidlegare kollegaen som ein veldig profesjonell og dyktig redningsleiar.

– Etter å ha jobba på HRS i så mange år, var han veldig erfaren. Den operative teften hans var særskilt god, og han såg fort om det var alvor eller ikkje. På jobb var han ein humørspreiar, og på fritida var han ein veldig aktiv friluftsmann, oppteken av jakt og fiske, seier han.

Jarle Øversveen

Tidlegare kollegaer på Hovudredningssentralen er prega av hendinga, fortel Jarle Øversveen, avdelingsdirektør for Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Han har koordinert eit utal hendingar som liknar denne. Han har sjølv vore med på å redde livet til mange fiskarar og mange andre sjøfarande.

Vaktlaget på hovudredningssentralen fekk raskt vite at det var deira tidlegare kollega Ben Wikøren som var den sakna hummarfiskaren.

– Ein spesiell dag

Det gjorde redningsarbeidet til ei heilt spesiell og krevjande oppleving. Øversveen valde sjølv å møte på jobb då han vart varsla. Han fortel om ein spesiell dag:

– Vi fekk vite at det var ein sakna hummarfiskar, og at det hadde blitt varsla då han ikkje kom tilbake til avtalt tid. Likevel meiner eg at vi klarte å vere profesjonelle, og at dette ikkje påverka handteringa av sjølve redningsaksjonen.

– Det har vi gode rutinar for. På jobb denne dagen var det både folk som ikkje kjente han, og folk som var nære vener av han. Det gir ei veldig spesiell setting. Vi avklarte også tidleg korleis vi skulle følgje opp kontakten mot familien til Ben, forklarar Øversveen.

– Korleis har hendinga rørt deg?

– Det har vore krevjande. For eg og kjenner Ben, kona og borna godt. Men vi må ha to tankar i hovudet samtidig. Gjere jobben, og følgje opp familien. Framover vil vi også følgje opp dei som var på vaktlaget denne dagen.

– Vi er ein veldig samansveisa gjeng på HRS og vi kjenner kvarandre veldig godt, seier han.

Leteaksjon etter hummerfisker ved Rott utenfor Tananger

Politiet fekk melding om den sakna fiskaren måndag kveld og sette i gong ein stor redningsaksjon. I dag blei mannen funnen omkommen utanfor Finnøy.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Ben hadde vore stolt

Ifølgje Øversveen er hummarsesongen kjent for slike hendingar, og Hovudredningssentralen har i ulike samanhengar informert om farane som lurer.

Øversveen seier at den erfarne redningsleiaren kjende til alle faremomenta ved hummarfiske, men at det som her skjedde er eit prov på at slike ulukker kan skje den beste.

– Eg trur at Ben hadde vore stolt over å vite kva apparat som har vore i sving. Og korleis dette fungerte. Engasjementet rundt akkurat denne hendinga har vore sterkt, men det er det eigentleg alltid. Tenk på alle frivillige, offentlege og kommersielle aktørar som er ute og leitar når slikt skjer. Det blir ekstra nært når det er ein av dine eigne.

Ben Wikøren gjekk av med pensjon i april i fjor etter 30 år som redningsleiar. Han var då 60 år, som er pensjonsalder for redningsleiarar på grunn av at ein har gått i turnus hele karrieren.