Hopp til innhold

Redningsaksjonen er avslutta

Ein fiskar er sakna utanfor Tananger i Rogaland. Ved firetida i natt blei redningsaksjonen avslutta.

Leteaksjon etter hummerfisker ved Rott utenfor Tananger

Den første båten med frivillig leitemannskap på veg ut mot øya Rott.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Siste, tysdag morgon:

– Redningsaksjonen etter den sakna fiskaren er avslutta. Dei frivillige har avslutta strandsøket utan funn. Dei pårørande er informert, skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter.

Det var måndag kveld at Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) sette i gang søk etter ein hummarfiskar.

– Han er svært erfaren, godt kjend i området og har drive med dette i årevis. Han har ikkje kome attende til venta tid, seier redningsleiar Edvard Middelthon.

Fiskaren skal vere sakna i området kring Rott utanfor Tananger, aust for Stavanger.

HRS melder klokka 20:30 at dei har funne båten til den sakna fiskaren. Redningsaksjonen held fram med full styrke.

Eitt redningshelikopter er i lufta og ei redningsskøyte er i søk.

– Og so jobbar vi med å få tak i fleire ressursar, seier Middelthon.

Flightradar syner at redningshelikopteret har fokusert søket sitt på sørsida av Rott. Redningsskøyta er i same område.

Rott er ei øy som ligg aust for Stavanger, ut mot storhavet.

Vanskelege forhold for søk

– No har vi prioritert sørsida av øya, seier Torleif Paulsen, innsatsleiar hjå Politiet.

Det er om lag 25 frivillige ute på Rott no og driv strandsøk langs kysten, samt redningshelikopter og skøyte til havs.

Vêret er ei utfordring for søket. Det er mykje sjø og vind, samt at det er mørkt. Vêrmeldinga syner at det skal bli verre utover kvelden.

– Det er utfordrande, men vi må gjere det søket no so raskt som mogleg, all den tid vi sjølvsagt har eit håp om at vi skal finne vedkomande, seier Paulsen.

Torleif Paulsen

Torleif Paulsen, innsatsleiar hjå Politiet, koordinerer bakkemannskapet som søkjer etter den sakna fiskaren.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Kvifor har de prioritert sørsida av øya?

– Det er det HRS har gjeve oss av treff på denne båten tidlegare i ettermiddag, kveld, som indikerer at han har gått langs sørsida av Rott.

Klokka 20:30 meldte HRS at båten til den sakna hummarfiskaren var funnen.

– Båten vil bli undersøkt av dei som er der ute. Det er klart dårleg vêr og mykje sjø, so det kan vere mykje som rek omkring, seier innsatsleiaren.

Politiet er i kontakt med dei pårørande som kan hjelpe å bekrefte at det er den sakna sin båt som er funnen.

Reporter Øystein Otterdal fekk oppdatering frå Torleif Paulsen, innsatsleiar hjå Politiet, klokka 20:30. Foto: Kaj Hjertenes

Etterlyste hjelp frå vitne

Hummarfiskaren hadde truleg gått ut frå Tananger kring klokka 10:15 måndag føremiddag, opplyser HRS.

Dei leitte etter ein Rana Plast 17 fot open båt med ein person om bord. Båten har dei funne, men ikkje personen.

– Dei som har sett noko slikt gå ut ifrå Tananger i dag bør kontakte Politiet, sa Middelthon i HRS til NRK tidleg i søket.

Observasjonar av fiskaren etter klokka 10:15 kunne hjelpe dei å snevre inn søket.

Flightradar Tananger 1835

Dette skjermbiletet teken klokka 18:35 syner at redningshelikopteret har søkt rundt Rott og på kryss og tvers mellom øyene nord for Rott. No verkar søket til å vere fokusert rundt hovudøya igjen.

Foto: Flightradar24.com

Kuling gult farevarsel

Det er meldt dårleg vêr kring Rott måndag kveld.

Klokka åtte er det vindkast på 16 meter i sekundet – kuling. Vinden er venta å auke i styrke utover kvelden.

Yr.no melder om gult farevarsel og anbefaler ikkje at ein reiser ut i småbåt.

Det er også venta regn om eit par timar.

Over midnatt og i morgontimane tysdag er det meldt vindar opp mot 23 meter i sekundet – liten storm.

– Dette gjer det jo ikkje enklare, både det som skjer på sjøen og langs land, seier innsatsleiar Paulsen.

Han seier tryggleiken til mannskapet som søkjer også er viktig.

– Ja, definitivt. Det har vi vore tydelege på til dei mannskapa som reiser ut, at første prioritet for dei sjølvsagt er at vi ikkje får fleire som vi må leite etter.

Redningsmannskap på veg mot Rott.

Minst 25 frivillige vart frakta ut til Rott for å leite etter den sakna fiskaren.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Forsvaret deltek ikkje

Forsvaret bidreg av og til i slike aksjonar, men i denne operasjonen tek dei ikkje del.

Trass i at Flightradar syner at Forsvaret har eit AgustaWestland AW101-helikopter på Sola lufthamn, har dei ikkje høve til å hjelpe.

– Vi har snakka med Hovudredningssentralen, men vi hadde ingen kapasitetar som var nære nok til å kunne bidra, seier Ivar Moen, oberstløytnant og talsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter til NRK.

Tananger hamn

Det var ut frå hamna i Tananger fiskaren truleg gjekk ut måndag føremiddag klokka 10:15.

Foto: Øystein Otterdal / NRK