Hopp til innhold

– Dette skulle ikkje ha skjedd

Tribunegjerdet kollapsa etter at Brann scora. Nå blir det intern evaluering varslar dagleg leiar i FK Haugesund, Jan Hauge.

Ved Branns scoring mot Haugesund kollapset et gjerde.

Fire Brann-supporterar fekk skadar då tribunegjerdet på Haugesund stadion gav etter i laurdagens tippeliga oppgjer.

Foto: Jan Kåre Ness / Scanpix

Frode Hellebø fra Brannbataljonen.

– Eg har aldri sett eit lag sine supporterar sitja i ro når laget deira scorar, det trur eg ikkje at Jan Hauge heller har gjort. Leiar i Bataljonen, Frode Hellebø er ikkje nøgd med Haugesund stadion.

Foto: NRK

Då brann etter 23 minutt gjekk opp i leiinga mot Haugesund vart jubelen blandt Brann-supporterane så stor at tribunegjerdet ikkje ville klara det. Fleire Brann-supporterar falt, og måtte få hjelp av Røde Kors-mannskap som kom springande til.

Røde Kors opplyser om at fire personar kom til skade då tribunegjerdet gav etter. Ein av desse blei teken til legevakta, mens skadane for dei andre var så små at dei kunne bli behandla på staden.

– Gjerdet skal ikkje tole meir

– Det er ikkje bra at noko slikt skjer seier dagleg leiar i FKH, Jan Hauge.

Han er forsiktig med å gå ut med kven som kan skuldast for det som skjedde, før dei har hatt ei intern evaluering saman med eigar av stadion, som er Haugesund kommune.

Men han peiker likevel på eitt problem:

– Dette skjedde på ein sitjetribune, og der skal ikkje gjerda tola meir enn dette. Det som var uventa var at det skulle gå ei så stor jubelbølgje gjennom Brann-supporterane då dei scora, at alle strøymde til gjerdet.

Gjerdet gir etter for at folk ikkje skal bli klemde.

Stå- eller sitjetribune

Når eit nytt gjerde skal setjast opp, må det derfor bli drøfta kor vidt området skal bli definert som stå- eller sitjetribune.

– Viss det blir definert som sitjetribune, må me passa betre på at folk faktisk blir sitjande, seier Hauge.

– Kunne enda katastrofalt

Leiar for Brann sin supporterklubb Bataljonen, er nådelaus i kritikken sin mot Haugesund Stadion.

– At Haugesund stadion kvalifiserar til å vera ein eliteserietribune forundrar meg, seier Frode Hellebø.

Han seier at gjerdet ikkje rakk høgare enn til knehøgde, og at folk også kunne ha ramla over. At det var Brann-jubelen som var for stor, fnyser Hellebø av:

– Eg har aldri sett eit lag sine supporterar sitja i ro når laget deira har scora, det trur eg ikkje at Jan Hauge heller har gjort.

Hellebø konkluderar med at dette slett ikkje var godt nok, og at berre flaks gjorde at det ikkje enda i katastrofe.

– Eksemplariske supporterar

At det var tribunegjerdet som skulle trekka mest merksemd rundt det ikkje-sportslege i eliteseriekampen, var kanskje for mange overraskande. Politiet hadde nemleg i forkant av kampen definert oppgjeret mellom vestlandsklubbane som ein høgrisikokamp.

Etter kampen sparde ikkje politiet på lovorda, i politiloggen deira skriv dei:

«Politiet vil takka Brann og FKH sine supporterar for flott opptreden før, under og etter kampen»

Også dagleg leiar i FKH var svært nøgd med Brann-supporterane:

– Dei oppførde seg eksemplarisk, seier Hauge.

Han legg til at det var synd at Brann-supporterar blei skadde etter 1-0 scoringa til Erik Mjelde.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.