Hopp til innhold

Slik protesterte Renberg mot pompøs pop- og rockemusikk

Sjå TV-innslaget frå 2002 – då Tore Renberg var plateaktuell med sitt eige rockeband.

Sjå TV-innslaget frå 2002 – då Tore Renberg var plateaktuell med sitt eige rockeband.

►ROGALAND RETRO: TV-innslaget blei sendt 14. mars 2002, og det var fotograf, Arild Eskeland, som laga det.

Verdensrommet

Omslaget til Verdensrommet sin første og førebels siste EP.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Forfattar, Tore Renberg, er i desse dagar aktuell med romanen «Angrep fra alle kanter». Både denne, og føregangaren; «Vi ses i morgon», har eigne soundtrack, med musikk frå Tønes, Janove Ottesen, Real Ones og Christel Alsos.

I dagens Rogaland retro kan du sjå at det fanst ei tid då forfattaren sjølv stod for musikken. Han var frontfigur i bandet «Verdensrommet», som gav ut ein EP, med hjelp frå mellom anna Morten Abel, i 2002.

Dei fekk gode kritikkar, og skal ha hatt ry på seg for å vera eit humoristisk liveband, med plakatar der dei mellom anna skreiv «NEI TIL DORTHE SKAPPEL PÅ TV» og «SOSIALT ANSVAR NÅ». I 2003 blei det stille rundt «Verdensrommet», dette var elles året Renberg gav ut den kritikarroste romanen «Mannen som elsket Yngve».

Send inn tips

«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nett.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg