Hopp til innhold

Bustadbrann på Hommersåk

Brannen i ein bustad på Hommersåk er no sløkt. Det skal ikkje ha vore personar i bustaden då det byrja å brenne.

Brann på Hommersåk

Litt over klokka fem fekk politiet melding om ein brann på Hommersåk.

Foto: Ronny Hjertås

Politiet fekk melding om brannen kl. 17:08 i dag.

Alle naudetater rykka ut til staden.

Bustaden er ein utleieleilegheit. Utleigaren visste ikkje om det var personar inne i leilegheita. Det vart difor sendt både ambulanse og luftambulanse til staden.

– Me har søkt gjennom bustaden, og så langt har me ikkje funne nokon personar, seier Rune Sunde, vaktkommandør hos brannvesenet i Sør-Rogaland.

Brannen er no sløkt, men det føregår framleis arbeid på staden, melder brannvesenet.

Laster Twitter-innhold

Flere nyheter fra Rogaland