Hopp til innhold

Bønder over heile landet i opprør: – Det er sosial dumping

Bønder meiner timeløna deira ligg på rett over hundrelappen. Det er så lite at det nesten kan bli rekna som dugnadsarbeid, meiner bonde Sven Martin Håland.

Bonde Sven Martin Håland

LEI AV LÅG LØN: Sven Martin Håland står i spissen for bondeopprøret, som engasjerer bønder over heile landet.

Foto: Erik Waage / NRK

Nok er nok.

Tre ord som bønder over heile landet er samde om.

Bøndene krev ein økonomi som gjer det mogleg å produsere norsk mat no og i framtida. Slik er det ikkje no, meiner dei.

– Viss me ser på vanleg måte å rekna lønsemd på, slik som i anna næringsliv, så er timeløna vår på rett over hundrelappen. Og den timeløna har me uansett om det er kveld, natt eller heilagdagar, seier bonde Sven Martin Håland på Figgjo i Sandnes.

Sosial dumping

Han er ein av initiativtakarane bak Facebookgruppa «#Bondeopprør 21», som har fått over 11.000 medlemer på ei veke. Eit nyleg systematisert opprør, men som Håland seier har vore på gong lenge. No må det endringar til, meiner han.

Bonde Sven Martin Håland

Sven Martin Håland har 45 mjølkekyr på garden. Han meiner at han får for lite løn i forhold til arbeidet som blir lagt ned.

Foto: Erik Waage / NRK

– Hadde me vore ordinært fagorganisert i landbruket, hadde dette vore ulovleg. Det er sosial dumping.

Tysdag 27. april kjem kravet frå bondeorganisasjonane Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Noregs Bondelag i årets landbruksoppgjer. Håland trur ikkje det vil gå rette vegen.

– Eg har store forventningar til krava, men mindre forventning til det me får tilbake som tilbod. Det er tradisjon for å ville halda landbruket nede.

Han meiner det er eit smalt forhandlingsrom, som er definert av staten.

– No burde det bli ein prinsipiell debatt på Stortinget om landbruket. Kva ønskjer ein å forvente av oss, og kva forventar stortinget at me skal sitje igjen med?

– Er i eit skifte

Martin Malmin er landbruksansvarleg i Sparebank 1 SR-bank. Han kjenner igjen tala på at det er lite lønsemd på mykje av det bøndene driv med. Likevel ser han at mange får inn pengar frå jobbar utanom, eller frå ektefelle.

– Det er mange som ønskjer å byggje vidare på det, men mange veit ikkje om dei torer. Me er i eit skifte der mange bestem om dei vil hoppe av eller bli med vidare, seier Malmin.

Morten Malmin

Landbruksansvarleg i Sparebank 1 SR-bank, Morten Malmin, er einig i at timeløna til bøndene er låg.

Foto: Erik Waage / NRK

Håland trur ikkje bondeyrket er eit yrke for dei unge i framtida, viss situasjonen held fram slik som han er i dag.

– Då vil eg heller råde dei til å velje eit anna yrke der dei får betalt, anerkjenning for jobben dei gjer og ei fritid.

Vil sjå grundig på tala

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) seier ho forstår engasjementet og utolmodet til bøndene. Ho har som mål at årets oppgjer skal enda i semje.

– Og då må bakgrunnen vere dei tala me er samde om, både for deira krav og vårt tilbod.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

– Men bøndene seier det må skje noko dramatisk, for det går ikkje an å leva slik løna er no?

– No vil eg gå grundig inn i tala frå budsjettnemnda. Det er dei som gjer grunnlaget for den forhandlingsdiskusjonen me skal vere i. Eg er opptatt av å redusere gapet på inntekt, seier Bollestad.