Hopp til innhold

Slik ser det ut ombord i Noas ark

Noas ark er på plass i Vågen i Stavanger. Det som skal vera ein kopi av den opphavlege bibelske arken, skal etter planen liggja til kai i Stavanger i seks veker.

Omvisning i den Nederlandske bibelmuseet som er formet som Noas ark

– Eg er eigaren av arken, men eg er ikkje Noa, seier Aad Peters.

Han har lagt arken sin til kai i Stavanger, og der skal den etter planen liggja i seks veker.

Utanfrå ser den ut slik som Noas Ark er skildra i Bibelen, inne i arken er det utstillingar som er opne for publikum.

Båten fekk sin noverande form for fem år sidan og har hittil besøkt over 30 hamner i Europa.

Forteljingar frå Bibelen

Sjølv kallar Peters arken for Europas første flytande bibelmuseum.

– Det er eit historieskip, med mange løyndommar. Nokre kjem tilbake to eller tre gonger fordi det er så mykje å sjå, seier Peters.

Utstillingane fortel historier frå Bibelen. Og Peters meiner at det er noko som kan interessere dei fleste.

– Det er mange vakre ting å sjå, så dette er ikkje berre for barn og "vanlege" vaksne, men intellektuelle vil også ha interesse av dette, seier Peters.

Trudde han gjekk på dop

I Bibelen står det skreve at folk trudde Noah var gal då han byrja å byggje arken. AAD Peters har også fått reaksjonar på sitt prosjekt.

– Folk har ikkje sagt at eg er galen, men sidan eg kjem frå Nederland har folk trudd at eg har brukt marihuana. Dei har sagt at det er umogleg å byggje eit slikt skip utan å gå på dop, seier Peters.