Hopp til innhold

Bjørn Laugaland er død

Hjelmeland kommune melder i dag at tidlegare ordførar Bjørn Laugaland har gått bort. Han var folkevald i kommunen i 23 år og ordførar i 11 av desse. I slutten av oktober søkte han fritak frå alle politiske verv grunna alvorleg sjukdom.

– I Hjelmeland kommune kjenner me på takksemd for det utrøyttelege og viktige arbeidet Bjørn har gjort som folkevald og ordførar, skiv ordførar Anita Riskedal på facebooksida til kommunen i dag.

Dei sender sine varmaste tankar og kondolansar til familien.

– På det personlege plan veit me at Bjørn har betydd mykje for mange. Derfor er me mange som kjenner på sorg i dag, skriv Riskedal.

Bjørn Laugaland
Foto: Magnus Stokka