Hopp til innhold

Det var ikkje bilen som skulle sjøsetjast

Den glatte hamna i Avaldsnes var truleg årsaka til at ein bil sklei rett ned i sjøen då ein båt skulle sjøsetjast onsdag føremiddag.

Bil hamna i sjøen

Føraren kom seg ut av bilen før den hamna i det iskalde sjøvatnet.

Foto: Kjell Bua

Det var i 09.30-tida ein bilførar fekk problem då han skulle sjøsetja ein båt i Avaldsnes på Karmøy.

Augevitne NRK har snakka med forklarar at bilen og båten fekk stor fart i den bratte skråninga ned mot sjøen. Glatta kan ha vore årsaka.

– Då føraren forstod kor det bar fekk han kasta seg ut før bilen hamna på sjøen, forklarar eitt av augevitna, Kjell Bua, som også tok bilete av bilen før den forsvann heilt under sjøen.

Ingen skadde

Dei involverte skal ha gått inn i eit bygg for å varma seg etterpå, men dei skal ikkje vera skadde. Tauet mellom bilen og båten blei kappa.

Då NRK kontakta politiet i Haugesund om saka i 11-tida har dei framleis ikkje blitt varsla om hendinga.

Uhellet skjedde mellom bedriftene Euro supply og Vico på Avaldsnes.

Bil hamna i sjøen

Her kan du sjå spor der bilen har sklidd ned.

Foto: Kjell Bua

Flere nyheter fra Rogaland