Hopp til innhold

Kvinne i 20-åra alvorleg skadd

Ein bil køyrde i dag tidleg av vegen i Espelandsveien, ved Bråstein i Sandnes. Føreren er alvorleg skadd.

Bil av veien ved Bråstein
Foto: Ronny Hjertås / Tipser

Naudetatane fekk kl. 09:00 melding om at ein personbil hadde køyrt av vegen i Espelandsveien ved Bråstein i Sandnes.

– Bilen køyrde ut i ein venstrekurve, trefte ein jordhaug og blei kasta ca. 50 meter av garde. Bilen har floge høgt i lufta og det er bildelar i trea rundt, det seier operasjonsleiar i politiet, Brit Randulff.

Ei kvinne i 20-åra var åleine i bilen og ho vart flogen i luftambulanse til Stavanger universitetetssjukehus. Kvinna var medviten då helsepersonell kom til ulukkesstaden.

Stavanger universitetssjukehus opplyser kl. 13:55 at tilstanden til kvinna er alvorleg, men stabil.

Flere nyheter fra Rogaland