Hopp til innhold

Ber regjeringa skaffa fleire jobbar

I Sandnes er arbeidsløysa 4,9 prosent, og nær 40 prosent av dei utan jobb er utanlandske statsborgarar. Meir må gjerast, og det må skje no, seier ordføraren.

Byggeplass

Det har blitt færre byggeplassar i Sandnes, og færre som jobbar der. (arkivbilete)

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

– Me treng ein ny tiltakspakke frå regjeringa, og me treng den no. Viss me får pengar, kan me starta med vedlikehaldsarbeid på måndag, seier ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.

Stanley Wirak

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, meiner regjeringa må løyve meir pengar til vedlikehald for å skape fleire arbeidsplassar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ein av tre arbeidsledige i landet er utanlandske statsborgarar, og i Sandnes er det endå fleire. 39 prosent av dei om lag 2000 som står utan jobb i kommunen er utanlandske statsborgarar, dei fleste av dei kjem frå Aust-Europa.

– For to år sidan var det mykje lettare å få jobb, men no er det vanskeleg. Eg kjenner mange som har mista jobben, spesielt i byggebransjen, sa Bartosz Grochowski frå Polen.

Sandnes er hardt råka

Det er nedgangen i byggeaktiviteten som får mykje av skulda for at mange arbeidsinnvandrarar har mista jobben.

– Bakgrunnen er jo at det har vore stor arbeidsinnvandring dei seinaste åra av handverkarar og bygningsarbeidarar. Når byggeaktiviteten no stoppar opp, så er det mange av desse som har mista jobben, seier Wirak.

Regjeringa la inn ei redningspakke til oljefylka i Statsbudsjettet. Fleire prosjekt, og ei storstilt offentleg opprusting skal få ledige ut i jobb. Men det trengst meir, meiner Wirak.

Bartosz Grochowski

Bartosz Grochowski er blant dei som no lærar seg norsk for å vera meir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Byrjar å sjå konsekvensane

Arbeidsløysa i Sandnes er no på 4,9 prosent, og kommunen begynner å sjå konsekvensane av at fleire står utan jobb.

– Me merkar det på skatteinngangen, og me kjem nok også til å merka det på sosialbudsjettet etter kvart, seier Wirak.

regiondirektør i NAV Rogaland, Truls Nordahl

Truls Nordahl er direktør i NAV i Rogaland

Foto: Ine Eftestøl / NRK

For fleire av dei som no har mista jobben kan få problem med å koma seg ut i arbeid igjen, trur NAV.

– Mange av desse er i den gruppa som me kallar langtidsledige, altså at dei har vore ledige i lengre enn seks månadar. Denne gruppa manglar gjerne utdanning, og norskkunnskapar. Og for dei er det spesielt utfordrande no, seier direktør i NAV i Rogaland, Truls Nordahl.

– Det er ikkje enkelt. NAV gjer jo det dei kan, men når det ikkje er arbeid i denne regionen, så er det ikkje arbeid. Difor må me skapa dei arbeidsplassane, seier Wirak.

Blir verande i Norge

Og det er fleire som håpar på nye arbeidsplassar. For i det polske miljøet i Rogaland fortel dei at det er fleire som blir verande, sjølv om dei har mista jobben.

– Dei ventar, og håpar på at tidene blir betre. For dei ynskjer å bli verande her, dei ynskjer ikkje å reise tilbake til Polen, seier Ryszard Sikora.