Hopp til innhold

Ber om hjelp til heimlause kattar

Dyrebeskyttelsen i Sør-Rogaland har så langt i år teke imot over 900 heimlause kattar. Aldri før har dei teke imot fleire, no ber dei myndigheitene om hjelp.

Dyrebeskyttelsen i Sør-Rogaland har til nå i år tatt imot over 900 hjemløse katter, som er ny rekord. Nå ber de myndighetene om nødhjelp

SJÅ VIDEOREPORTASJEN: Kari Mills tek ansvar for mange heimlause kattar.

– Kattar blir dumpa. Det er drektige kattar, kattungar og bitte små kattungar utan mor. Det er ingen andre enn oss som hjelper dei, seier Kari Mills, leiar i Dyrebeskyttelsen Sør-Rogaland.

Vil ha ned bestanden

Ho har teke inn 170 heimlause kattar. Likevel er det ikkje nok. For fleire og fleire kattar er utan heim og utan mat.

– Politikarane må på bana, dei må ta eit tak. Det flyt med over med kattar, Mills.

Kari Mills

TEK DEI INN: Kari Mills er leiar i Dyrebeskyttelsen Sør-Rogaland.

Foto: Anders Fehn / NRK

No vil Dyrebeskyttelsen ha ein felles dugnad med Mattilsynet for å få ned bestanden, slik dei gjorde med suksess for 10 år sidan.

Odd Ivar Berget

MATTILSYNET: Odd Ivar Berget er avdelingssjef i Mattilsynet

Foto: Anders Fehn / NRK

– Det er eit pengespørsmål, og eit spørsmål om kor mykje ansvar staten skal ta, seier Odd Ivar Berget, avdelingssjef i Mattilsynet.

Klinikk merkar pågangen

Ved Hafrsfjord Smådyrklinikk merkar dei pågangen. Mange tek ansvar for å stoppa lidingane til utmagra, sjuke og heimlause dyr.

– Me ser diverre ganske mykje kattelidingar. Det er heimlause kattar, dei er kjempeville og redde, dei har lus, tannproblem, øyremidd, diare og dei er magre, seier veterinær Vibeke Kvande.