Hopp til innhold

Bensinprisen har nådd toppen

Men det er berre i forhold til råoljeprisen. Så visst den stig, så kan bensinprisen gjera det same.

Bensinpumpe

Bensinpris på 12-13 kroner pr. liter

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Bensinprisen har vore oppe i over 12.50 i dag . På mandag og tysdag tippa den 13 kroner på ein del bensinstasjonar.

- Dette kan verka underleg, sidan prisen var den same i fjor på denne tida. Berre at då var råoljeprisen nærare dobbelt så høg, som dei omlag 70 dollar fatet, den ligg på nå.

Det seier Lars Gilje i NAF Stavanger.

Årsaken ligg i at bensinmarknaden er stramare, skal me tru StatoilHydro.

- I fjor var etterspørselen etter bensin lågare i USA, pga finanskrisa. I år har etterspørselen tatt seg opp og derfor gjer bensinprisen det same.

Det seier Sandrine Tørstad, marknadsanalysesjef i StatoilHydro.

NAF er skeptisk

- Oljeselskapa er raske til å setja opp prisen når oljeprisen går opp. Men dei tar seg lengre tid når oljeprisen går ned, meiner Leif Gilje i NAF Stavanger.

Han meiner at oljeselskapa skor seg i for stor grad på bekostning av bileigarane.

Det værste er unnagjort

- Marknaden ser nå ut til å bli litt slappare i tida framover. Det betyr at bensinprisen ikkje skal auka meir av den årsaken. Men dersom råoljeprisen stig kraftig, så kjem nok bensinprisen også til å slå følge oppover.

Det er den magre trøysta frå marknadsanalysesjef Sandrine Tørstad i StatoilHydro.