Batteriet ditt kan vere ei brannbombe

Dei siste fem åra har det oppstått meir enn 200 brannar i norske avfallsanlegg. Ein av hovudgrunnane; batteri i restavfallet.

– Det er mange ting som kan få desse batteria til å brenne, fortel brannkonstabel Kurt Rusås.

Han står kledd i fullt brannutstyr og skal til å stikke hol på eit AA-batteri.

I det spissen treff batteriet, eksploderer det i eit inferno av flammar og røyk.

Batteriet ligg for seg sjølv, og det heile er over på nokre sekund.

– Om batteriet ligg ved anna brennbart materiale, som i eit gjenvinningsanlegg, kan det begynne å brenne skikkeleg, forklarar Rusås.

Ei brannbombe

I løpet av dei siste fem åra har det vore over 200 brannar i norske gjenvinningsanlegg.

I 2019 vart éin frakta til sjukehus og to til legevakt etter ein brann på gjenvinningsanlegg i Lindås, nord for Bergen.

I 2020 starta denne brannen på eit søppelanlegg i Bodø:

Denne, og mange av dei andre anleggsbrannane, var resultat av batteri som burde vore levert som spesialavfall.

I staden vart dei kasta i rest- og papiravfallet. Det gir store konsekvensar for gjenvinningsbransjen og arbeid for brannvesenet.

– Batteria trenger ikkje oksygentilførsel for å ta fyr, så sjølv om det er tett rundt dei kan dei ta fyr heilt på eiga hand, fortel innsatsleiar i Bergen brannvesen, Hans Petter Nilsen.

Han har vore med på å sløkke fleire anleggsbrannar, og forklarar at det ikkje er ei enkel oppgåve.

– For å sløkke brannane må ein grave vekk avfallet rundt. Det tar tid, og ofte er røyken så tjukk at ein ikkje ser.

Innsatsleiar i Bergen brannvesen, Hans Petter Nilsen.

BRANNMANN: Nilsen har vore med på fleire brannar i ulike anlegg.

Foto: Synne Sørenes / NRK

– Skjer alt for ofte

– Eg trur folk sit med for lite kunnskap om kor stor konsekvens det har å kaste batteria i restavfallet eller i feil konteinar på gjenvinningsstasjonen.

Det fortel stasjonsleiar ved Møllendal gjenvinningsstasjon i Bergen, Kristin Bjordal.

Ho trur at mange ikkje tenker over kva som faktisk inneheld batteri, som blinkesko eller bursdagskort med lyd. Då kan det fort hamne i rest- eller papiravfall.

Bjordal forklarar at alle batteri skal leverast inn som brannfarleg avfall. Anten kan ein levere det til gjenvinningsstasjonar, eller til butikkar som sel batteri.

– Har de vore gode nok til å informere om brannfaren knytt til batteri, og kor ein skal levere dei på eit trygt vis?

– Det blir vel aldri nok informasjon, men me gjer det me kan, og no håpar me at enda fleire får det med seg, seier ho.

Kristin Bjordal, stasjonsleiar ved Møllendal gjenvinningsstasjon.

BEKYMRA: Kristin Bjordal er bekymra for brannane dei må stå i om folk kastar batteri i rest- og papiravfall.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Kan ta fyr i kjøkkenskapet

Innsatsleiar Nilsen fortel at ein også må tenkje på korleis ein oppbevarer batteria heime, før dei blir levert som farleg avfall.

Batteria kan nemleg ta fyr, også i kjøkkenskapet.

– Om du har masse batteri i kjøkkenskapet er ikkje det heldig, seier Nilsen.

Han fortel at ein ikkje bør samle opp for mange batteri før ein leverer dei inn. Ein bør heller ikkje la det ligge med lett brennbart materiale.

– Eg anbefaler gjerne å teipe over polane på batteriet, slik at dei ikkje kjem i kvarandre om dei ligg samla i ei skuff, forklarar han og legg til:

– Det har også vist seg at veldig billige batteri av dårleg kvalitet er meir utsett for brann, og er lettare å antenne.