Hopp til innhold

Avverja innbrot på matbutikk

Politiet blei i natt ringt opp av ein person som såg to menn som var i ferd med å ta seg inn i Rema 1000-butikken på Aspervik i Sandnes. Politiet rykka ut til staden og fekk avverja innbrotet. Dei to mennene, som begge er i 20-åra, hadde fjerna listverket på butikken og sit no i arresten for forsøk på innbrot.

Innbrot i matbutikk blei avverja
Foto: Ronny Hjertås

Flere nyheter fra Rogaland