I eit kontrollert luftrom er det flygeleiarane og ikkje pilotane sjølve som er ansvarlege for at avstanden er stor nok mellom fly og helikopter i området. Tiltaket skal gi betre oversikt og gjere dei mange flygingane gjennom området tryggare.
– Vi er svært nøgde med å få dette på plass. Det er noko vi har jobba med i mange år, og som har vorte mogleg gjennom godt arbeid med både teknologiutvikling og flygekontrollteneste, seier Jan-Gunnar Pedersen, direktør for undervegstenesta i Avinor Flysikring AS.
Avinor Flysikring opplyser at selskapet arbeider vidare med å etablere kontrollerte luftrom i fleire område på den norske sokkelen.