Hopp til innhold

Avaldsnes IL

  • Avaldsnes anker ikke dommen

    Fotballklubben Avaldsnes har i dag vedtatt å ikke anke dommen fra 13. desember, skriver Haugesunds Avis. Da vedtok Norges Fotballforbund å frata klubben elitelisensen med påfølgende degradering fra Toppserien til 1. divisjon.

    – Vi har snudd alle steiner sammen med regnskapsfører og revisor og konkludert med at en anke ikke vil føre fram. Derfor anker vi ikke, sier Heidi Synnøve Nymann til avisa.

  • Vurderer å anke vedtaket frå fotballforbundet

    Trass i at Avaldsnes mangla 600.000 kroner på å kunne vise til positiv eigenkapital ved utgangen av oktober, så vurderer talsperson for styret, Aase Simonsen, likevel å anke fotballforbundet sitt vedtak.
    – Me snakka om anke i går, og me er positive til det. Me skal leita med lys og lykter for å sjå om me finn noko i dette som gir grunnlag til anke. Men det skal nok godt gjerast, seier ho.

    Aase Simonsen
    Foto: Gisle Jørgensen / NRK
  • Meiner John Arne Riise blir med vidare

    Talsperson for styret i Avaldsnes fotballklubb, Aase Simonsen, reknar med at trenar John Arne Riise kjem til å fortsetje å trene laget, også i 1. divisjon til neste år.

    – Eg har ikkje høyrt noko anna, seier ho til NRK i dag.

    Simonsen fortel at dei på møtet i går kveld blei einige om å ha eit ekstraordinært årsmøte i klubben den 4. januar, der dei skal prøve å få vald eit nytt styre.

    Simonsen opplyser også at klubben hadde frist til 30. oktober med å kunne vise til positiv eigenkapital. Det klarte dei ikkje, og det var grunnen til at fotballforbundet sende dei ned ein divisjon.

    Kval. kamp Toppserien fotball 2022: Avaldsnes - Øvrevoll Hosle (2-1)
    Foto: Jan Kåre Ness / Jan Kåre Ness
  • Spelarar vurderer framtida si i Avaldsnes

    – Eg var innstilt på å bli i klubben ut kontraktstida, men det må eg sjå på ein gong til nå, seier keeper i Avaldsnes Siri Ervik.

    Ho fortel at spelarane blei overraska og forbanna då dei i går ettermiddag fekk vita at fotballforbundet hadde sendt toppserielaget ned i førstedivisjon fordi økonomien ikkje heldt mål til å vera i den høgste divisjonen.

    – Vanlegvis forsvinn det ein del spelarar når eit lag rykker ned ein divisjon, men kva som skjer i Avaldsnes har eg ikkje oversikt over, seier Ervik.

    Toppserien fotball 2022: Avaldsnes - LSK Kvinner (0-2)
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB
  • Håpet lever for Avaldsnes etter seier

    Avaldsnes slo Arna-Bjørnar 3–2 i skjebnekampen for å bevare plassen i Toppserien. Avaldsnes rykket dermed opp på kvalifiseringsplassen i Toppserien.

    Dette var Avaldsnes første seier på 11 kamper.

Elise Thorsnes scora etter fem minutt. Det var nok til å gi Avaldsnes seieren i cupfinalen.