Hopp til innhold

Aslaug Øye er død

Tidligere programsekretær i NRK, Aslaug Øye er død, nesten 84 år gammel. Hun var ansatt i NRK Rogaland frå 1959 til 1984.

Aslaug Øye i studio i Stavanger
Foto: NRK

Før hun kom til NRK, var hun bl.a. skuespiller i seks år ved Det unge teater, forløperen til Rogaland Teater.

I 25 år hadde lyttarane gleda av å høyra den varme og markante stemma til Aslaug Øye.

I ønskekonserten i Lokalen sende ho helsingar rundt i Rogaland. Ho reiv lyttarane med seg i underhaldningsprogram med Rogalands-artistar og i kvardags-funderingar om blomsterstell, julepynt, mus på hytta og svoltne småfuglar.

Ho tok lyttarane slik på alvor at ho stelte håret og parfymerte seg for deira del når ho hadde sendingar.

Aslaug Øye hadde eit varmt hjarta som banka for mange og for mangt, som bevaring av arkitekoniske perler og verneverdig bymiljø i fødebyen Stavanger.

Ho sette ikkje si ære i å vera nyheitsjournalist. Ho sto for ein type underhaldningsradio som mange radiostasjonar har prøvt seg på seinare, ikkje alltid med like godt resultat.

På riksnettet presenterte ho ofte Stavanger-ensemblet frå den tid, under sin dirigent Karsten Andersen, ei formulering som nok mange lyttarar på 60-talet vil hugsa.

Lyttarane har mykje å takka Aslaug Øye for.

Det har også me som var hennes kollegaer.

Ho heldt kontakt med sin gamle arbeidsplass, på tilstellingar, og i form av telefonar.

Direkte som ho var, visste ho å seia frå - på ein vennleg måte - når noko ikkje var som det skulle vera, lenge etter at ho sjøl takka av som programskapar.