NRK Meny

Ap leiar på ny måling

Arbeidarpartiet ligg ennå framføre Høgre i Rogaland, det viser ei fersk meiningsmåling der om lag tusen rogalendingar er spurt om kva dei ville stemt på om det var stortingsval i dag. Målinga som Haugesunds Avis har fått utført av InFact, viser få endringar samanlikna med sist måling som blei gjort i mars. Arbeidarpartiet er størst med 30 prosent oppslutnad - mens Høgre har 20,7 prosent.