Ankar ikkje hestesak frå Sirdal
Mattilsynet ankar ikkje saka der fleire titals hestar i november i fjor blei henta ut frå ein gard i Sirdal på grunn av mangel på mat og stell over lang tid. Etter at hestane blei tekne har dottera på Sirdal-garden gjort krav på fleire av dei, og nå har Jæren tingrett bestemt at ho er den rettmessige eigaren.