NRK Meny
Normal

Kvinne skadd i sykkelulykke i Nordsjørittet

Ein kvinneleg syklist i 50-åra blei frakta med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus, etter ei ulykke i Nordsjørittet.

Ulykke Nordsjørittet

Kvinna blei henta med luftambulanse. Det var ingen vitner til ulykka.

Foto: Tipser

Litt før klokka 13:00 melde politiet at det hadde vore ei alvorleg ulykke i Nordsjørittet. Ulykka skjedde på Ogna.

– Syklisten som er involvert i ulykka er medvitslaus, sa operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Tor Helge Stavik då.

Raude Kross tok først hand om syklisten, og fekk evakuert henne til ein stad der ho kunne bli henta av luftambulanse.

Klokka 13:18 melde politiet at kvinna var frakta til Stavanger universitetssjukehus.

– Då helikopteret kom til staden var ho medviten. Skadane ser ut til å vera mindre alvorlege, enn det ein først trudde, seier Stavik kl. 13:45.

Laurdag kveld melder Stavanger universitetssjukehus at kvinna er lettare skadd.

Ein kvinneleg syklist i 50-åra blei frakta med luftambulanse til Stavanger universitetssjukehus, etter ei ulykke i Nordsjørittet.

Leiar av Nordsjørittet, Siri Ommedal, fortel om ulukka. Foto: Ole Andreas Bø/NRK

Ingen vitne

Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar. Dei har konkludert med at dei ikkje vil opprette ei sak.

Årsaka til det er at det ikkje var andre enn syklisten sjølv som var involvert i ulykka, og at det heller ikkje teikn på at det var noko i løypa som kunne utgjera ein risiko.

Det var ingen vitne til ulykka.

Laster Twitter-innhold

Det er fleire tusen syklistar som i dag deltek i det ni mil lange rittet frå Egersund til Sandnes.

Ulukke Nordsjørittet

Ulykka skjedde på langs denne grusvegen i Hå kommune.

Foto: Andreas Molland / NRK