Alvorleg ATV-ulykke i Time
Naudetatane blei i klokka 20.39 i går kveld varsla om ei ATV-ulykke på Lye i Time kommune.
– Det verkar som ei alvorleg ulykke, meldte operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen.
Klokka 20.50 meldte politiet at to personar framstod hardt skadde, og dei to var frakta til Stavanger universitetssjukehus. Dei involverte skal vere ungdommar.
Det skal ha vore fleire vitne til hendinga, og kriseteamet i kommunen er varsla.
Kriminalteknikarar er kalla ut for å hjelpe til med undersøkingar på åstaden. Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er også varsla.
Søndag morgon vil ikkje politiet gå ut med informasjon om tilstanden til dei to personane.