Hopp til innhold

Alf Ingve Berntsen ny Bryne-trenar

Gaute Larsen er ferdig i Bryne. Lærar Alf Ingve Berntsen på idrettslinja på Bryne Vgs overtar 1. divisjonslaget.

Alf Ingve Berntsen

Alf Ingve Berntsen er ny trenar i Bryne.

Foto: Anders Fehn / NRK

Gaute Larsen si tid som hovudtrenar i Bryne er over. Det fortel klubben i ei pressemelding, laurdag. Larsen redda laget frå nedrykk, då han kom til Bryne hausten 2012.

Gaute Larsen

Gaute Larsen er ferdig som trenar i Bryne.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Men oppturen etterpå lét venta på seg. Fjorårssesongen var dårleg og laget redda då plassen i divisjonen i den siste kampen. I år har det heller ikkje gått bra, og laget er nå rett over nedrykksstreken.

Larsen hadde kontrakt ut denne sesongen med Bryne FK.

Idrettslærar overtar

Den som nå overtar er ein 51 år gammal idrettslærar frå Bryne vidaregåande skule. I 21 år har Alf Ingve Berntsen vore lærar på fotball-linja der.

Samstundes har han hatt trenaransvar i Bryne fotballklubb for 40 ungdommar, som han byrja å trena då dei var sju år. I haust gav han frå seg laget, som då spelte siste sesong som gutespelarar.

Dei aller fleste gutane hadde då vore med heile tida og fire av dei spela på aldersbestemte landslag.

Oppdatert på fotball

– Du får spørja leiinga i klubben om kvifor dei tok kontakt med meg om trenarjobben, men sjølv likar eg å tru at eg er så nokolunde oppdatert fotballfagleg, på utviklinga i denne idretten, seier Alf Ingve Berntsen.

Han er forsiktig med å koma med dei store lovnadane om kva han skal gjera med A-laget når han tek over, men ein ting er han klar på.

– Eg har alltid likt lag som spelar med tempo og høg intensitet, så det er noko eg kjem til å prøve å få til, seier han.

Har CV-en i orden

Alf Ingve Berntsen har tre års utdanning frå Idrettshøgskulen i Oslo, men er også økonom av utdanning.

Han har UEFA A-lisens frå 2001 og er kvalifisert til å trena 1.-divisjonslag.

Alf Ingve Berntsen er bror til mangeårig trenar og direktør i Viking FK, Bjarne Berntsen.