Løysinga gjev Røkke sitt selskap Aker RGI full kontroll over Kværner, med over 40 prosent av aksjane.
Aker Maritime er ikkje ferdig verdsett ennå, men verdien på selskapet ligg truleg rundt 3,6 millardar kroner, skriv nettutgåva til Dagens Næringsliv. Samstundes skal det gjennomførast aksjeutvidingar på tilsaman tre millardar kroner.
Planen skal presenterast på ei pressekonferanse klokka halv elleve i føremiddag.
Fleire oljeindustri-analytikarar meiner Aker Maritime og Kværner olje og gass treng kvarandre for å konkurrera internajonalt.
Saman har dei to selskapa kompetanse i verdsklasse. Difor bør selskapa slå seg saman, seier ein av våre fremste oljeindustriekspertar, Ole-Jacob Kvinnsland.