Alt tyda på at Viking ikkje skulle rykka opp til øvste divisjon i norsk fotball, som den gong heitte førstedivisjon, då siste runde skulle spelast i 1988.
Viking måtte slå Vard i Haugesund, og Vidar måtte slå Start i Stavanger, dersom det skulle bli opprykk for Viking.
Vidar gjorde jobben, men i Haugesund såg det ikkje bra ut. Etter 90 minutt viste resultattavla 2–2.
Kontroversiell dommaravgjersle
Men så, på overtid i den skjebnesvangre kampen mot Vard i Haugesund, Alf Kåre «Fygaren» Tveit header ballen ut av målvakta sine hender. Målvakta feller Tveit og dommar Terje Hauge bles straffespark.
Viking scora og resten er historie.
Hendinga har i ettertid blitt kalla for «Mirakelet i Haugesund».
Ein kan også nemna at Bryne rykka ned frå eliten same året, det kan du sjå i slutten av retroinnslaget.
Send inn tips
«Rogaland retro» er ein serie frå NRK Rogaland med TV-klipp frå arkivet på nettet.
Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.