Snøggbåten "Fjordbris", som er ein del av Flaggruten mellom Bergen og Stavanger, blei sist tatt ut av drift fordi tryggleiken ombord ikkje var god nok.
Ved ein uanmeldt inspeksjon avdekka Sjøfartsdirektoratet at kapteinen var åleine på brua og at fleire av dei tekniske navigasjonsinstrumenta ikkje var i bruk. Båten var då på veg inn i det same området som snøggbåten Sleipner forliste.
Båten tilhøyrer Rogaland Trafikkselskap, men inngår som ein del av Flaggruten til HSD. Feila skal no vera retta og båten er i drift att.