Hopp til innhold

«Emil» har blest frå seg

Stormen Emil blei ikkje like kraftig som først antatt. Stormsenteret har nå flytta seg mot Sverige. Samstundes har vinden avtatt.

Stormen svinga lengre sør, og dermed unngjekk kysten dei sterkaste vindkasta natt til onsdag.

For onsdag kveld og torsdag er det sendt ut spesialvarsel om høg flo.

Vasstanden er venta å bli mellom 60 centimeter og ein meter over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane. Dette gjeld heile kysten.